Appleby-in-Westmorland
Utsjånad
Appleby-in-Westmorland | ||
---|---|---|
Boroughgate | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Cumbria | |
Distrikt | Eden | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
2 862 | |
Koordinatar | 54°35′N 2°29′W / 54.583°N 2.483°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | CA16 | |
Telefon-retningsnummer | 01768 | |
Appleby (kalla Appleby-in-Westmorland for å skilje han frå andre byar med same namn) er ein by i Cumbria i England. Han var administrasjonsby for Westmorland inntil dette grevskapet vart ein del av Cumbria i 1974. Han er blant dei minste stadane i England med bystatus.
Hovudnæringsvegen er turisme, sidan byen ligg i vakre omgjevnader nær Lake District nasjonalpark. Ein av dei viktigaste lokale attraksjonar er Appleby slott, der lady Anne Clifford budde på 1600-talet. I seinare år har slottet ikkje vore tilgjengeleg for publikum, noko som har ført til ein nedgang i mengder turistar.
Utanom turisme er mange sysselsett i landbruket, medan andre pendlar til omkringliggande byar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Appleby-in-Westmorland» frå Wikipedia på bokmål, den 15. juli 2011.