Audiens
Audiens er ei høgtideleg mottaking der ein høgtståande person, ofte eit statsoverhovud, tek imot undersåttar eller sendebod. Ordet stammar frå latin audentia, av audire, 'å høyra', og tyder 'høve til å høyrast'.[1] Audiensar kan omfatta eit visst seremoniell.
I Noreg
[endre | endre wikiteksten]I Noreg gjev kongen og andre medlemmar av kongefamilien audiens i ulike samanhengar. Kongen mottek ambassadørane for framande land første gong i høgtideleg audiens.[2] Ambassadøren leverer her akkreditiva sine. Norske statsborgarar blir mottekne i audiens etter å ha blitt utnemnde til ein orden eller å ha motteke medalje, for at dei skal kunna takka for heidersteiknet dei har motteke. Kongen kan òg ta imot personar i audiens for at desse skal få høve til å gjera greie for for ei sak eller presentera ein organisasjon.[1]
Anna
[endre | endre wikiteksten]- Audiens er tittelen på lyrikaren Gro Dahle si debutsamling frå 1987.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Audiens», kongehuset.no.
- ↑ «Høytidelig audiens», kongehuset.no.
- Denne artikkelen bygger på «Audiens» frå Wikipedia på bokmål, den 8. mai 2021.