Aurelia Dobre
Aurelia Dobre | |
Statsborgarskap | Romania |
Fødd | 16. november 1972 (52 år) București |
Idrett | turn |
Tok del i | Sommar-OL 1988 |
Utmerkingar | International Gymnastics Hall of Fame |
Aurelia Dobre (fødd 16. november 1972) er ein tidlegare turnar frå Romania som i 1987 vart verdsmeister i mangekamp.
Tett på 15-årsdagen vann Dobre gullmedalje i både mangekampen, bomøvinga og lagtevlinga under Verdsmeisterskapen i turn 1987 i Rotterdam. Dessutan sikra ho seg bronsemedaljar i frittståande og hopp. Gjennom meisterskapen vart ho tildelt 10 blanke poeng i fem av øvingane. Året etter var ho del av det rumenske mannskapet som tok sølv i lagtevlinga under dei olympiske leikane i Seoul, individuelt i mangekampen enda ho på sjetteplass. Også ved Turn-VM 1989 i Stuttgart vann ho sølv i lagtevlinga.
Dobre la opp med ho var i tenåra, dels grunna to alvorlegare skadar og dels ein tyngre kropp etter vekst. I 1991 immigrerte ho til USA og gifta seg året etter med ein iransk-amerikansk turntrenar. Ho bur i delstaten Maryland.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Aurelia Dobre» frå Wikipedia på engelsk, den 29. mars 2023.