Hopp til innhald

Bøggilditt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bøggilditt er eit kjøtraudt mineral som er kjent berre frå kryolittførekomsten ved IvigtutGrønland. Det vart skildra i 1952. Mineralet krystalliserer monoklint og har kjemisk samansetnad Na2Sr2Al2(PO4)F9.

Det er kalla opp etter den danske geologen O. B. Bøggild.