Bakkekløver
Bakkekløver | |
Bakkekløver | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Erteblomordenen Fabales |
Familie: | Erteblomfamilien Fabaceae |
Underfamilie: | Faboideae |
Stamme: | Trifolieae |
Slekt: | Kløver Trifolium |
Art: | Bakkekløver T. montanum |
Vitskapleg namn | |
Trifolium montanum |
Bakkekløver (Trifolium montanum) er ein plante i ertefamilien som er utbreidd i Europa. Han har berre har éin naturleg veksestad i Noreg, på Hovedøya sør for Oslo. Bakkekløver er fylkesblomster i Oslo.
Utsjånad
[endre | endre wikiteksten]Bakkekløveren har grov jordstengel og stive mjukhåra stenglar. Han veks oppreist og vert om lag 25 cm høg. Blada er tettnerva, snaue på oversida og silkehåra på undersida. Planten har eit rundt blomsterhovud med gulkvite blomstrar.
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]Bakkekløveren veks på tørre, kalkhaldige bakkar med god lystilgang.
I Noreg veks bakkekløveren berre naturleg ein stad, på Hovedøya i Oslo. Dei kalkhaldige skiferberga på Hovedøya er ein nordvestleg utpost for denne arten, som elles høyrer heime på steppene i Mellom- og Sør-Europa, Kaukasus og i Iran. Bakkekløver finst òg nokre stader søraust i Sverige. I nyare tid er han innført til Eidanger.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Johannes Lid Norsk og svensk flora Det Norske Samlaget 1974 ISBN 82-521-0297-2
- Knut Fægri: Norges planter J.W. Cappelens Forlag 1958
- Botanisk museum Arkivert 2008-05-28 ved Wayback Machine.