Hopp til innhald

Balfourdeklarasjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Balfourdeklarasjonen er namnet på to ulike fråsegner frå dei britiske styresmaktene assosierte med Arthur Balfour, ein tidlegare statsminister.

Den første er Balfourdeklarasjonen av 1917. I dette brevet frå det bristiske utanriksdepartementet til Lord Rothschild (som vart sett på som ein representant for det jødiske folket) blir det slått fast at Storbritannia er positiv til at Palestina skal bli jødane sitt heimland.

Den andre er Balfourdeklarasjonen av 1926 som aksepterer dei tidlegare britiske dominionane som sjølvstendige statar.