Bamble kyrkje
Bamble kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Hallvard Straume | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Telemark | ||
Kommune | Bamble | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Agder og Telemark | ||
Prosti | Bamble | ||
Sokn | Bamble | ||
Fellesråd | Bamble | ||
Type | Krosskyrkje | ||
Periode | Nygotikk | ||
Arkitekt | Gustav Adolph Lammers | ||
Teknikk | Lafteverk | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 19. oktober 1845 | ||
• Endringar | 1895, 1902, 1951, 1985–86 | ||
Tårn | I sørvest, frå 1902 | ||
Klokker | 2, Bochumer Verein, 1902 | ||
Kyrkjegard | Nei | ||
Preikestol | 1845 | ||
Døypefont | 1845 | ||
Orgel | Venheim orgelbyggeri, 1998 | ||
Sitjeplassar | 400 | ||
Diverse | Altarkross og glasmåleri i fondveggen av Per Vigeland (1951). | ||
Bamble kyrkje 59°00′35″N 9°39′52″E / 59.00971985°N 9.66442776°E | |||
Wikimedia Commons: Bamble kirke |
Bamble kyrkje er ei krosskyrkje frå 1845 i Bamble kommune i Telemark fylke.
Bamble har hatt kyrkje (vigd til Heilag-Olav) sidan mellomalderen, og etter den store kyrkjeauksjonen i 1723 kom ho i kommunal eige i 1839. Gustav Adolph Lammers, som m.a. var sokneprest, teikna ny kyrkje, ei krosskyrkje med nokså korte tverrarmar med galleri i fleire etasjar. Kyrkja hadde takryttar i byrjinga og fekk vesttårn ved ei restaurering i 1902 etter planar av Hjalmar Welhaven. Kyrkja vart òg omfattande restaurert i 1985–86.
Fondveggen har eit glasmåleri av Per Vigeland frå 1951 (motiv: oppstoda), og på kvar side er ei slags altartavle (med kombinasjon av bilete og figurar) av Lammers.
Kyrkjegarden går sørover frå kyrkja og forbi ruinen av Olavskyrkja.
Teikningane til Bamble kyrkje er brukt som grunnlag ved oppføringa av fleire andre kyrkjer, t.d. Olberg kyrkje og Holmen kyrkje i Sigdal.
Bilete frå kyrkja
[endre | endre wikiteksten]-
InteriørFoto: Hans A. Rosbach
-
Glasmåleri i fondveggen av Jesu oppstode, av Per VigelandFoto: Hans A. Rosbach
-
«Loven» (Moses tek imot lovtavlene), av G.A. LammersFoto: Hans A. Rosbach
-
«Evangeliet» (Jesus i Getsemane), av G.A. LammersFoto: Hans A. Rosbach
-
OrgelgalleriFoto: Hans A. Rosbach
-
Galleri i fleire etasjar i tverrskipetFoto: Hans A. Rosbach
-
«Bamble Church» av John William Edy, frå Boydell's picturesque scenery of Norway (1820)
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Eldal, Jens Christian; Havran, Jiri (2002). Kirker i Norge, bind 3: Med historiske forbilder. 1800-tallet. Oslo: ARFO. s. 98-101. ISBN 82-91399-11-5.
- Henriksveen, Herman, red. (1986). Kirker i Telemark. Stathelle: Flora forlag. s. 66-67. ISBN 82-90695-00-4.
- Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 504. ISBN 82-7527-022-7.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Bamble kyrkjelege fellesråd Arkivert 2015-08-11 ved Archive.is
- Artemisia.no
- Bamble kyrkje på Lokalhistoriewiki.no.
- «Bamble kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Bamble kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren