Beidaihe
北戴河区 Běidàihé qū | |
---|---|
Postkort frå Beidaihe i 1903. | |
Styresmakter | |
Land Provins |
Folkerepublikken Kina Hebei |
Geografi | |
Flatevidd | 162,89 km² |
Flatevidd - By |
70 km² |
Innbyggjarar - By (2004) - folketettleik |
66,000 941/km² |
Koordinatar | 39°49′24″N 119°29′22″E / 39.82333°N 119.48944°E |
Tidssone | UTC + 8 (UTC+8) |
Diverse anna | |
Heimeside: http://www.beidaihe.gov.cn/ | |
Nettstad: www.beidaihe.gov.cn | |
Plassering | |
Beidaihe er eit distrikt i byprefekturet Qinhuangdao aust i provinsen Hebei i Folkerepublikken Kina. Distriktet er på 70 km² og har ca 70 000 innbyggarar. Det har ti kilometer lange badestrender.
Attraksjonar
[endre | endre wikiteksten]Baidaihe er ei kjend badestad, og mange medlemmar av politbyrået i Det kinesiske kommunistpartiet legg sommarferien til strendene her. Somme av strendene er reservert for priviligerte partifolk og betalingssterke utanlandske turistar. Byområdeet i Beidahihe minnar meir om ein vestleg badeby enn ein kinesisk kystby.
Beidaihe er kjend blant ornitologar som ein viktig landestad for trekkfuglar.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Beidaihe fekk betydning som badeby då engelske ingeniørar som bygde jernbanestrekninga Tianjin-Shanhaiguan byrja reise dit for kvile. Utlendingar og rike kinesarar bygde villaar her. Under Boksaropprøret vart dei brende ned, men nye vart bygde seinare. Etter 1949 vart Beidaihe feriestad for arbeidarar, og det vart bygd ei rekkje sanatorium. Og leiande funksjonerar som Jiang Qing kom dit.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Beidaihe» frå Wikipedia på bokmål, den 10. september 2009.