Big Shot av Billy Joel
Big Shot Singel av Billy Joel frå albumet 52nd Street | ||
B-side |
«Root Beer Rag», «Half a Mile Away» | |
---|---|---|
Utgjeve | 1979 | |
Innspelt | A & R Recording, Inc., New York City, 1978 | |
Sjanger | Hardrock | |
Lengd | 4:03 (album), 3:43 (singel) | |
Selskap | Columbia | |
Låtskrivar(ar) | Billy Joel | |
Produsent | Phil Ramone | |
Billy Joel-kronologi | ||
«My Life» (1978) |
Big Shot | «Honesty» (1979)
|
«Big Shot» er ein song av Billy Joel frå albumet 52nd Street i 1978. Songen vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet tidleg i 1979, og nådde som den førre singelen «My Life» (3. plass) høgt på singellista i USA med ein 14. plass.
Songen handlar overflatisk om songaren som gjer narr av ei kvinne med kraftig bakrus etter ein kveld på byn, der ho gjorde mange sosiale og verbale brølarar medan ho var høg på alkohol og dop («But now you just can't remember / All the things you said / And you're not sure you want to know / I'll give you one hint, honey / You sure did put on a show!»). Teksten refererer til stader som var populære blant nyrike folk på slutten av 70-talet som Elaine's Restaurant og Halston. Joel sa ein gong i eit intervju at songen i røynda var om han sjølv.
Singelversjonen var korta noko ned med ein kortare avslutning.
Lister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1979) | Plassering |
---|---|
Australia | 91 |
Canada[1] | 13 |
New Zealand | 36 |
U.S. Billboard Hot 100 | 14 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Big Shot (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 29. august 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 12. mai 2012.