Bjørn Borgen
Bjørn Borgen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 22. september 1937 Fredrikstad |
Død |
18. november 2015 (78 år) |
Yrke | fotballspelar, fotballtrenar |
Bjørn Borgen (22. september 1937–18. november 2015)[1] var ein norsk fotballspelar frå Fredrikstad som vann tre seriegull og tre cupgull med Fredrikstad Fotballklubb i tida 1957-66. Han er blitt omtalt som «en stor fotballspiller»[1] og «en typisk wingløper – han er hurtig, dribler og finter godt og har evnen til å gli inn i lukene».[2]
Borgen spelte 163 eliteseriekampar for Fredrikstad FK og skåra totalt 48 mål frå han debuterte i 1956 til han la opp i 1968. Han spelte i FFK i nesten alle år, i 1959 var han Lyn-spelar. Borgen vart seriemeister i FFK i 1957, 1960 og 1961 og cupmeister i 1957, 1961 og 1966.
Borgen og klubbkameraten Per Kristoffersen debuterte begge då Noreg overraska og vann 2-1 over Ungarn i juni 1957. I åra fram til 1961 var han jamnt med i startellevaren. Ein av sine beste kampar spelte han på dåverande Lenin stadion i Moskva 1. juli 1961, der han skårar Noregs eine mål i eit oppgjer som enda 5-2 til europameister Sovjetunionen. Seinare vart det færre landskampar på Borgen, som i alt hadde spelt 35 kampar og skåra 6 landslagsmål då landslagstida var over i 1966.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Seriemeister: 1957, 1960 og 1961 med Fredrikstad
- Noregsmeister: 1957, 1961 og 1966 med Fredrikstad
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Vidar Henriksen (18. november 2015), «FFK-legenden Bjørn Borgen er død», Fredrikstad Blad
- ↑ Magnus Breili:'Fotballboken.1967