Blaye
Utsjånad
Blaye | ||
---|---|---|
| ||
Styresmakter | ||
Land Region Departement |
Frankrike Nouvelle-Aquitaine Gironde | |
Geografi | ||
Flatevidd | 6,42 km² | |
Flatevidd - By |
6,42 km² | |
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
4 666 726/km² | |
Koordinatar | 45°07′N 00°40′W / 45.117°N 0.667°W | |
Høgd over havet | 7 m | |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) UTC+2 (UTC) | |
Diverse anna | ||
Postnummer | 33390 | |
Heimeside: www.blaye.net |
Blaye er ein liten by og kommune sørvest i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Gironde i regionen Nouvelle-Aquitaine, og har om lag 5 000 innbyggjarar.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Blaye ligg ved den høgre breidda til elvemunningen Gironde (her om lag 3,5 km brei), 55 km nord for Bordeaux med jernbane.
Historie
[endre | endre wikiteksten]I antikken var Blaye (Blavia) ein hamneby for santonarar. Ifølgje segna skal helten Roland ha vorte gravlagd i basilikaen som var ein del av festninga i byen. Byen var ein viktig skanse, som spelte ei viktig rolle i krigane mot engelskmennene (som brende ned byen i 1352) og hugenottkrigen. Hertuginna av Berry vart fengsla i festninga her i 1832-1833.
Byen heitte tidlegare Blaye-et-Sainte-Luce og fekk namnet «Blaye» i juni 1961.