Bletoppen
Utsjånad
Bletoppen | |||
fjell | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Område | Tinn (Telemark) | ||
Fjellkjede | Blefjell | ||
Høgd | 1 342 moh. | ||
Bletoppen 59°48′30″N 9°09′11″E / 59.808333333333°N 9.1530555555556°E |
Bletoppen (1342 moh.) er ein del av Store Ble og er den høgaste toppen på Blefjell. Fjellet ligg i Tinn kommune i Telemark.
Frå Bletoppen er det utsikt til mellom anna Jonsknuten og Skrimfjella i søraust, Lifjell i sørvest, Gaustatoppen i vest og Hardangervidda i nordvest.
Bletoppen kan ein nå ved å følgje merkt sti frå parkeringsplassen ved Nordstul, ein tur som tar 3–4 timar på sommarstid. Fleire vesentleg kortare stiar byrjar ved vegen mot Fosskard og går opp den bratte vestsida av Blefjell.
Denne geografiartikkelen som har med Telemark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.