Blowin' in the Wind
Blowin' in the Wind Singel av Bob Dylan frå albumet The Freewheelin' Bob Dylan | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | August 1963 | |
Innspelt | 9. juli 1962 | |
Studio | Columbia Recording Studios i New York City i New York | |
Sjanger | Vise | |
Lengd | 2:48 | |
Selskap | Columbia | |
Komponist | Bob Dylan | |
Tekstforfattar | Bob Dylan | |
Låtskrivar(ar) | Bob Dylan | |
Produsent | John H. Hammond[1] | |
Bob Dylan-kronologi | ||
«Mixed-Up Confusion» (1963) |
Blowin' in the Wind | «The Times They Are a-Changin'» (1965)
|
How many roads must a man walk down
Bob Dylan
|
«Blowin' in the Wind» er ein song skriven av Bob Dylan frå albumet The Freewheelin' Bob Dylan i 1963. Sjølv om songen har vorte skildra som ein protestsong, stiller han ei rekkje retoriske spørsmål om krig, fred og fridom. Refrenget «The answer, my friend, is blowin' in the wind» har vorte skildra som «djupt fleirtydig: anten er svaret så opplagt at det rett føre augo dine, eller så er svaret like uhandgripeleg som vinden».[2]
I 1999 vart songen innlemma i Grammy Hall of Fame. I 2004 vart han rangert på 14. plass på lista til musikkmagasinet Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.
Opphav og første reaksjon
[endre | endre wikiteksten]Dylan skreiv og framførte opphavleg to vers av songen. Den første offentlege framføringa var på Gerde's Folk City den 16. april 1962, som er spelt inn og sirkulerer mellom Dylan-samlarar. Kort tid etter denne framføringa, la han til eit vers til i midten av songen. Songen vart trykt første gong i mai 1962 i den sjette utgåva av magasinet Broadside, som var grunnlagd av Pete Seeger og som omhandla høvessongar.[3]
I juli 1962 vart songen trykt i Sing Out! med kommentar av Dylan:
« | Det er ikkje mykje eg kan sei om denne songen utanom at svaret bles i vinden. Det står ikkje i noko bok eller film eller TV-show eller diskusjonsgruppe. Det er i vinden - og det bles i vinden. Alt for mange av desse hippe folka fortel meg kvar svaret er, men det trur eg ikkje litt på. Eg seier likevel at det finst i vinden og som eit uroleg papirark så må det kome ned ...Men det einaste problemet er at ingen plukkar opp svaret når det kjem ned så det er ikkje så mange som får sjå det og vite ...og så flyr det bort. Eg meiner at nokre av dei mest kriminelle er dei som snur andletet vekk når dei ser noko gale og veit at det er gale. Eg er berre 21 år gammal og eg veit at det har vore altfor mange ...De som er over 21, de er eldre og smartare.[4] | » |
I omslaget til The Bootleg Series Volumes 1-3 (Rare & Unreleased) 1961-1991 skriv John Bauldie at det var Pete Seeger som først identifiserte melodien i «Blowin' in the Wind» som ei utgåve av den gamle negro spiritual-songen «No More Auction Block». I følgje The Folk Songs of North America av Alan Lomax kom songen frå Canada og vart sunge av tidlegare slavar som hadde flykta dit etter at britane opphevde slaveriet i 1833. Dylan stadfesta dette under eit intervju i 1978.[5] Dylan si utgåve av sjølve «No More Auction Block» vart spelt inn på Gaslight Cafe i oktober 1962 og dukka opp på The Bootleg Series Volumes 1-3 (Rare & Unreleased) 1961-1991
Dylan-kritikar Michael Gray har foreslått at teksten er eit døme på at Dylan nyttar bibelsk retorikk i sin eigen stil. Ein del som går om att fleire gonger i Det nye testamentet og basert på ein tekst frå Esekiels bok (12:1–2) er: «The word of the Lord came to me: 'Oh mortal, you dwell among the rebellious breed. They have eyes to see but see not; ears to hear, but hear not.»[f 1] I «Blowin' in the Wind» gjer Dylan dette om til «Yes'n' how many ears must one man have ...?» og «Yes' n' how many times must a man turn his head / Pretending he just doesn't see?»[6]
«Blowin' in the Wind» har vorte skildra som ein hymne for borgarrettsrørsla i 1960-åra.[7] I Martin Scorsese-dokumentaren om Dylan, No Direction Home, fortel Mavis Staples at ho vart forbausa då ho først høyrte songen og sa at ho ikkje kunne forstå korleis ein ung, kvit mann kunne skrive noko som fanga frustrasjonen og lengselen til svarte folk på ein så sterk måte.
Sam Cooke var òg så djupt imponert av songen at han byrja å spele han på konsertane sine. Han skreiv seinare eit svar til songen, «A Change Is Gonna Come», i 1964.[8]
«Blowin' in the Wind» vart ein internasjonal hit med Peter, Paul and Mary, som òg hadde Albert Grossman som manager. Singelen selde 300 000 eksemplar den første veka han kom ut. 13. juli 1963 nådde songen andreplassen på Billboard-lista og hadde seld over ein million.
Kritikar Andy Gill skreiv: «'Blowin' in the Wind' markerte eit stort sprang i låtskrivinga til Dylan. Før dette hadde han songar som 'The Ballad of Donald White' og 'The Death of Emmett Till', men 'Blowin' in the Wind' var annleis. For første gong oppdaga Dylan kor effektivt det var å gå bort frå eit særeige tema til det generelle. Medan 'The Ballad of Donald White' ville verte heilt overflødig så snart denne personen var avretta, ville ein song så vag som 'Blowin' in the Wind' kunne nyttast om alle slags fridomssaker. Det er songen som Dylan er uoppløyseleg knytt til og som markerte han som ein tilhengjar av fridomsprinsippet enn nokon annan song.»[9]
Dylan spelte songen første gong på fjernsyn i Storbritannia i januar 1963, då han var med i teaterstykket Madhouse On Castle Street på BBC.[10]
Politisk ettermæle
[endre | endre wikiteksten]Songen vart ein av dei mest populære antikrigssongane i 1960-åra og under Vietnamkrigen. Under protestar mot Irak-krigen merka kommentatorane seg at demonstrantane nytta songar som «Blowin' in the Wind» i staden for å lage nye.[11]
I 1997 spelte Bob Dylan tre andre songar under ei katolsk kyrkjesamling. Pave Johannes Paul II heldt etterpå ei preike for om lag 300 000 unge italienske katolikkar basert på teksten i «Blowin' in the Wind»
Andre utgåver
[endre | endre wikiteksten]«Blowin' in the Wind» ar vorte spelt av fleire hundre andre artistar. Den mest suksessrike var utgåva til folketrioen Peter, Paul and Mary.
Andre utgåver er gjort av The Hollies, Chet Atkins, Dolly Parton, Judy Collins, Marianne Faithfull (singel i 1964), The Seekers, Sam Cooke, Etta James, Duke Ellington, Neil Young, the Doodletown Pipers, Marlene Dietrich, Bobby Darin, Bruce Springsteen, Elvis Presley, Stevie Wonder (som nådde Topp 10 med songen i 1966), John Fogerty, The Hooters og Me First and the Gimme Gimmes.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Teksten Arkivert 2005-12-31 ved Wayback Machine.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Herrens ord kom til meg, og det lydde så: 'Menneske, du bur midt iblant ei trassig ætt, eit folk som har augo å sjå med, men ikkje ser, og øyro å høyra med, men ikkje høyrer; for ei trassig ætt er dei'.»
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Blowin' in the Wind» frå Wikipedia på engelsk, den 17. oktober 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Bjorner, Olof (17. november 2010). «1962 Concerts and Recording Sessions». Still on the Road. Henta 2. november 2018.
- ↑ Mick Gold, "Life & Life Only: Dylan at 60" i magasinet Judas! April 2002, s. 43
- ↑ Williams, Dylan: a man called alias, 42
- ↑ Gray, 2006, The Bob Dylan Encyclopedia, s. 64.
- ↑ Sitert i omslaget på The Bootleg Series Volumes 1-3 (Rare & Unreleased) 1961-1991
- ↑ Gray, 2006, The Bob Dylan Encyclopedia, s. 63–64.
- ↑ Bob Cohen (28. januar 2008), How Blowin' In The Wind came to be, RightWingBob.com, arkivert frå originalen 19. februar 2012, henta 17. oktober 2009
- ↑ Gray, The Bob Dylan Encyclopedia, 149-150
- ↑ Gill, My Back Pages, 23
- ↑ Dylan in the Madhouse, BBC TV, 14. oktober 2007, henta 17. oktober 2009
- ↑ Kennedy, Louise (17. mars 2003), Activists ask, where have all the peace songs gone?, San Francisco Chronicle
101: «Maps» Yeah Yeah Yeahs |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2021 over dei 500 beste songane gjennom tidene 100 «Blowin’ in the Wind» Bob Dylan |
99: «Stayin’ Alive» Bee Gees |
15: «London Calling» The Clash |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 14 «Blowin' in the Wind» Bob Dylan |
13: «Yesterday» The Beatles |
- Songar frå 1962
- Songar produserte av John Hammond
- Singlar frå 1963
- Songar skrivne av Bob Dylan
- Bob Dylan-songar
- Songar på toppen av Billboard Adult Contemporary-lista
- Songar på toppen av Billboard Hot R&B/Hip-Hop Songs-lista
- Singlar frå 1966
- Protestsongar
- Antikrigssongar
- Grammy Hall of Fame Award
- USA-amerikanske folkeviser
- Columbia Records-singlar
- Warner Bros. Records-singlar
- Decca Records-singlar
- Songar produserte av Albert Grossman
- Elvis Presley-songar
- Glen Campbell-songar
- Dolly Parton-songar
- Joan Baez-songar
- Peter, Paul and Mary-songar
- The Kingston Trio-songar
- Stevie Wonder-songar
- Jackie De Shannon-songar
- Bobby Darin-songar
- The Staple Singers-songar
- Lena Horne-songar
- Odetta-songar
- Eddy Arnold-songar
- Marianne Faithful-songar
- Sam Cooke-songar
- The Johnny Mann Singers-songar
- The Seekers-songar
- Trini Lopez-songar
- Marlene Dietrich-songar
- Bobby Bare-songar
- Cher-songar
- Johnny Rivers-songar
- Dick Dale-songar
- Pete Seeger-songar
- The Four Seasons-songar
- Cliff Richard-songar
- Dionne Warwick-songar
- Flatt & Scruggs-songar
- Johnny Nash-songar
- The Supremes-songar
- The Hollies-songar
- The Ventures-songar
- James Last-songar
- The New Seekers-songar
- Etta James-songar
- Mormon Tabernacle Choir-songar
- Neil Young-songar
- Marc Bolan-songar
- Judy Collins-songar
- Jools Holland-songar
- Nena-songar
- Mountain-songar
- Ziggy Marley-songar
- KC and the Sunshine Band-songar
- Crosby, Stills & Nash-songar
- Stan Getz-songar
- Duke Ellington-songar
- Chet Atkins-songar
- Duane Eddy-songar
- King Curtis-songar
- Bugge Wesseltoft-songar
- Beste songar gjennom tidene hos Rolling Stone 2010
- Beste songar gjennom tidene hos Rolling Stone 2021
- Utvalde artiklar 2012