Boeing KC-135 Stratotanker
Utsjånad
Boeing KC-135 Stratotanker er eit amerikansk tankfly som vart produsert første gong i 1956. Flytypen er enno i drift og forventa å vera i aktiv teneste fram til 2040-talet.
Tankflyvarianten fekk først fabrikknemninga 367-138B, og seinare nemninga 717. Forsøk med lufttanking vart gjort allereie med prototypane parallelt med utviklinga av passasjerflyvarianten, og 31. august 1956 flaug den første produksjonsvarianten KC-135A for første gong.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Boeing KC-135 Stratotanker» frå Wikipedia på bokmål, den 29. september 2018.