Bolsjoj Ljakhovskij
Bolsjoj Ljakhovskij | |||
øy | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Del av | Ljakhovskijøyane | ||
Areal | 5 157 km² | ||
Folketal | 0 | ||
Bolsjoj Ljakhovskij 73°26′00″N 142°00′00″E / 73.433333333333°N 142°E | |||
Wikimedia Commons: Great Lyakhovsky Island |
Bolsjoj Ljakhovskij eller Store Ljakhovskij (russisk Большой Ляховский остров) er den største av Ljakhovskijøyane og høyrer til øygruppa Nysibirøyane i Laptevhavet nord i Russland. Ho har eit areal på 4600 km² og det høgaste punktet er Emy Tas på 270 meter over havet.
Vest på øya ligg halvøya Kigiljakhhalvøya.
Sørvest for øya ligg ei mindre øya kalla Ostrov Khopto-Terer.
Baron Eduard von Toll fann i permafrosten restar av piletre og bein frå utdøydde pattedyr som skulderbein frå ein sabeltanntiger.
Klima
[endre | endre wikiteksten]Det står ein vêrstasjon på Kapp Sjalaurova, som ligg på sørkysten av øya ved 73º 11' N 143º 56' E. Frå april 1994 til september 2000 hadde stasjonen i snitt 184 mm nedbør i året. Det meste av denne nedbøren kjem mellom juni og september. Middeltemperaturen i same periode er -13,6 °C. Januar er den kaldaste månaden med ein middeltemperatur på -31,0 °C og august er den varmaste med 2,4 °C. Den lågaste døgnmiddeltemperaturen som er målt er -40,5 °C og den høgaste 9,4 °C (Meyer et al. 2002).
Vegetasjon
[endre | endre wikiteksten]Vegetasjonen på Bojsjoj Ljakhovskij er ei blanding av gras, tundravegetasjon og mose. Desse plantene dekkjer om lag 40-80 % av øya. Ein finn òg små mengder kratt og torvmyr.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Great Lyakhovsky Island» frå Wikipedia på engelsk, den 27. juli 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- CAVM Team, 2003, Circumpolar Arctic Vegetation Map. Conservation of Arctic Flora og Fauna (CAFF) Kart #1. U.S. Fish og Wildlife Service, Anchorage, Alaska.
- Digby, B., 1926, The Mammoth og Mammoth-Hunting in North-East Siberia. D. Appleton og Company: New York, s. 224.
- Fujita, K. og D.B. Cook, 1990, The Arctic continental margin of eastern Siberia, i A. Grantz, L. Johnson og J. F. Sweeney, eds., s. 289-304, The Arctic Ocean Region. Geology of North America, vol L, Geological Society of America, Boulder, Colorado.
- Kropotkin, P., 1900, Review: Baron Toll on New Siberia og the Circumpolar Tertiary Flora. The Geographical Journal. vol. 16, no. 1, s. 95-98.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: