Brukardiskusjon:Thesam
Velkommen!
[endre wikiteksten]Hei og velkommen til Nynorsk Wikipedia, Thesam! Her kjem nokre lenker, der du kan...
- ...læra korleis du endrar ei side
- ...læra korleis du opprettar ein artikkel
- ...lesa om grunnprinsippa på Wikipedia
- ...få svar på ofte stilte spørsmål
For annan informasjon om Wikipedia og arbeidsoppgåver kan du vitja arbeidskontoret, og på samfunnshuset kan du ta opp spørsmål og diskutere saker som har med Wikipedia å gjera. Dersom du lurer på noko er det berre å spørje!
--Jorunn 2. januar 2010 kl. 12:30 (CET)
- Velkommen frå meg, og. Artig å sjå nye namn blant bidragsytarane! --Knut 9. januar 2010 kl. 22:49 (CET)
Taksoboks
[endre wikiteksten]Hei. Eg trur me har eit velfungerande taksoboksoppsett her på nn. Lurer ein på kva parametrane heiter står vel dei fleste på mal:Taksoboks. --Harald Khan Ճ 14. august 2010 kl. 15:42 (CEST)
Flytting
[endre wikiteksten]Hei, Thesam. Flott arbeid du gjer her! Eg såg at du prøvde deg på ei manuell flytting av Sverre Pettersen / Sverre Petterssen. Slik flyttar vi aldri her, for vi har ein eigen flyttefunksjon som sørgjer for at vi får med artikkelhistorikken i flyttinga. Du finn han på fanelinja over artikkelteksten – klikk på nedoverpila mellom stjerna og søkjeboksen. Eg har rydda opp, slik at alt er i orden. Elles må du ikkje vere redd for å spørje når det er noko du lurer på. Forresten er «glas» einaste tillatne form på nynorsk, men sjølve namna på glasverka skal sjølvsagt vere slik dei er. --EIRIK\diskusjon 19. august 2010 kl. 23:14 (CEST)
Artikkelnamn
[endre wikiteksten]Hei! Det hadde vore fint om du merka deg at me på Nynorsk Wikipedia ikkje bruker parentesar i artikkelnamn. Elvenamn (elv), Stadnamn (bygd) og liknande er dermed feil former som ein ikkje bør flytta til. Vel i staden former som Elva Elvenamn, Bygda Stadnamn eller Stadnamn i område om du treng nøyaktigare namn. --Ranveig 21. september 2010 kl. 12:24 (CEST)
- Vi gjentar: Vi bruker ikkje parantesar i artikkelnamn på nn.wiki bortsett frå i fleirtydingsartikkelen sjølv. --KRISTAGAα-ω 16. januar 2011 kl. 23:12 (CET)
- Litt dårleg formulert: Bare parantes i fleirtydingartikkelen viss ein av fleirtydingane tydeleg er den folk flest er ute etter og dermed kan får hovudppslaget. --KRISTAGAα-ω 16. januar 2011 kl. 23:39 (CET)
- Den nynorske bruken er i strid med tilrådingane frå Wikipedia. http://en.wikipedia.org/wiki/Wikipedia:Disambiguation --Thesam 16. januar 2011 kl. 23:24 (CET)
- Nei, den sida du refererer til gjeld engelsk Wikipedia. Ikkje dei andre wikipediane sjølv om ein del av dei gjør det på den måten. --KRISTAGAα-ω 16. januar 2011 kl. 23:28 (CET)
Kvifor skal ikkje nynorsk wikipedia følge det som gjeld internasjonalt? Det skapar bare ekstraarbeid for oss få som arbeider med denne? --Thesam 16. januar 2011 kl. 23:34 (CET)
- NB: Diskuter der som diskusjonen skjer, da er det lettare å halde tråden.
- Viss du vil ha ei endring av retningslinene er det fritt fram å ta det opp på Wikipedia:Samfunnshuset. --KRISTAGAα-ω 16. januar 2011 kl. 23:39 (CET)
Kjelder
[endre wikiteksten]Godt arbeid du gjer. Men artiklane her treng kjelder. Utan dei vere vi mindre truverdige. Om artikkelen er omsett brukar ein liminn:omsett malen som du finn nedst på redigeringssida.--Andreasv 1. november 2010 kl. 09:51 (CET)
Brukarnamn
[endre wikiteksten]Hallo! Er du og brukar:Wikithesam same person? --KRISTAGAα-ω 28. november 2010 kl. 16:55 (CET)
Julebokstesten
[endre wikiteksten]Fin juleboks! Du må berre leggja han oppå mal:juleboks når du er nøgd. --Ranveig 24. desember 2010 kl. 13:09 (CET)
Bra med lokalkunnskap
[endre wikiteksten]Hei.
Det er bra at folk med lokalkunnskap (svenskar) skriv om svenske byar. Det fører til betre artikklar. Om du av og til gløymer deg og skriv «och» er ikkje så farleg. Eg likar foresten betre å lesa svensk enn bokmål, men det må du ikkje seia til bokmålskrivarane... --Sigmundg 3. januar 2011 kl. 17:23 (CET)
omsette artiklar
[endre wikiteksten]Hugs å oppgi kvar omsette artiklar kjem frå!--Andreasv 23. januar 2011 kl. 09:54 (CET)
- Dette er viktig. Akkurat nå finn eg ikkje kvar retningslinene våre på dette er, men viss du les følgjande diskusjon ser du korleis vi gjør det: Brukardiskusjon:Frokor#Non-attribution_in_your_Byrds_articles. --KRISTAGAα-ω 23. januar 2011 kl. 14:01 (CET)
- Wikipedia:Kjelder gjev ei innføring, og Mal:Omsett forklarer framgangsmåte når ein omset frå Wikipedia på andre språk. --Ranveig 23. januar 2011 kl. 15:42 (CET)
Kvifor fortset du å kategorisk leggje inn artiklar på titlar med parentes og utan å oppgje kor dei kjem frå når det så tydeleg framgår av denne sida at du har fått grei beskjed om korleis det skal gjerast? --85.167.166.91 31. oktober 2011 kl. 23:15 (CET)
- Sier det samme som Andreasv over her; oppgi hvor artiklene er oversatt fra. Du må også legge til IW. Mvh.--Anne-Sophie Ofrim 9. november 2011 kl. 20:56 (CET)
- Det er svært viktig at vi alle gjev opp kjelder i alle artiklar, også når vi omset frå Wikipedia på bokmål. Så unngår vi dette scenarioet. Sjå MS_«Victoria», under ==Kjelder== har eg sett inn {{LIMINN:omsett|nb|tittel=MS_«Victoria»|dato=26. august 2012}}. Spør om du lurar på noko omkring kjelder. --Roar (diskusjon) 20. september 2012 kl. 21:11 (CEST)
Uomsette artiklar
[endre wikiteksten]Når du legg inn artiklar med restar frå diverse språk du har halvomsett dei frå, med malar som ikkje verker, må du finna deg i eit par oppryddingsmerke. Om du vil jobba med dei i fred kan du gjera det i ditt eige namnerom (t.d. Brukar:Thesam/Arbeidsbenk). --Ranveig (diskusjon) 12. mai 2013 kl. 19:41 (CEST)
Eg hadde heller sett pris på om du hadde gitt ei positiv tilbakemelding på kor kjapt eg fekk opp ein ny infoboks. I staden for å komme med denne kommentaren. Det er utrulrege her nynorsk wikipedia er at det går ikkje mange sekund frå ein startar på eit arbeid før einkvann kjem og kontrollerer. Slik er det ikkje på andre wikier eg er inne på.
Thesam (diskusjon) 12. mai 2013 kl. 20:24 (CEST)
- Ja, du legg inn mykje tekst om mange spennande emne som me manglar artiklar om. Det er bra. Men ofte blir dette lagt inn så kjapt at mykje blir ståande uomsett, også i lang lang tid etterpå. Dette er ikkje fullt så bra. Men uansett, fint at du no går i dialog om dette. Og som sagt, om du vil arbeida heilt uforstyrra, gjer du det på dine eigne undersider. -- Ranveig (diskusjon) 12. mai 2013 kl. 20:58 (CEST)
- Eg er ein av dei som har gjort litt småplukk på nokre artiklar Thesam har omsett og bearbeidd for nynorsk wiki. Det har vore artig arbeid, fordi utgangspunktet har vore så godt. Vi har ein «mal:under arbeid», som vel kan vere eit alterntiv til «arbeidsbenken». Men eg synst det er lenge å ha ein slik mal ståande ei veke, slik instruksen seier - sjølv synst eg det held å ha ein slik mal ståande nokre timar. --Knut (diskusjon) 12. mai 2013 kl. 21:10 (CEST)
Eg sett om alt med unnatak av ting som har spesielle tydingar på opphavsspråket, men mange av dei som er inne og kontrollerer på wikipedia forstår ikkje det. Eit døme er ortane i Sverige. Dersom det er slik at det har liggande uomsette delar ute i lengre tid, så er eg lei for det. Det er ein glipp frå mi side. Eg såg du var inne og endra trane. Der hadde eg gjort ein feil og eg er takksam for at det vart retta. Elles er eg nøye med å sjekke den nøyaktige tydinga når eg sett om. Eg sjekkar og legg òg til nye kjelder og oppdaterer artiklar eg sett om, men det er det kan hende ingen som legg merke til. Det er derfor slik at artikkelen på nynorsk er meir aktuell og ein finn lettare dei opphavlege kjeldene. Eg legg òg vekt på å nytte moderne nynorsk og legg somme tider inn eit bokmålsord på grunn av at artikkelen skal bli lettare å finne for dei som søker på nettet. Ofte er det slik at eg omsett ein artikkel og etterkvart som eg finn nytt stoff legg eg det til slik at etter kvart vil nynorsk bli referanseartikkelen. Derfor liker eg dårleg at somme fjernar det eg legg inn. Eg kjem til å halde fram på denne måten av di det er mest effektivt for meg.
Thesam (diskusjon) 12. mai 2013 kl. 21:37 (CEST)
- Det kan ikkje vere negativt at artiklar på Nynorsk Wikipedia vert raskt kontrollert. Det må vere draumesitausjonen for alle Wikipediar. Her kjem det nok av at tempoet på Nynorsk Wikipedia er så pass lågt at det faktisk er mogeleg å sjekke nye artiklar raskare enn på andre språk. På Engelsk Wikipedia går det jo som regel så kjapt at i løpet av tida det tar å flytte musepeikaren frå «lagre» til «siste endringar», så har endringa alt forsvunne ut av lista. Eg har mange gangar lurt på korleis dei kontrollerer artiklar... Det er ingen som er ute etter å «ta» nokon på Nynorsk Wikipedia, sjølv om det kanskje kan virke slik av og til. Hugs at i ein skriftleg diskusjon så er det lett å lese ting mellom linjene eller lese ein kommentar i ein annan «tone» enn han er meint som, og at kommentarar ofte kan vere strengare enn dei er, særleg når det er konstruktiv kritikk i bilete.
- Eg trur det kan bli hardt å svelge for mange at ein skal la det stå bokmålsord i artikkelen for at han skal bli lettare å finne. Det kjem til å bli plukka vekk når nokon finn det. Eg skulle gjerne sett at artiklane våre vart meir synlege i søk, men det må me gjere på nynorsk ved hjelp av andre metodar. Å legge inn IW-lenkje på wikidata er ein viktig del av det. --Frokor (diskusjon) 13. mai 2013 kl. 05:40 (CEST)
Måten å gjere det på er naturlegvis å ha i første setninga t.d. Skomakar (bm. Skomaker) er ein .. Dersom det ein tar til å fjerne slike ting er det natutlegvis vandalisme. Vi som er aktive og på wikipedia vi har òg krav på vern frå språklege ekstremistar som den anonyme som tydelig har fått det for seg å gå etter meg. Eg hadde heller sett at alle som driv og kontrollerer hadde bidratt med nye artiklar eller utvida dei vi har.
Thesam (diskusjon) 14. mai 2013 kl. 07:46 (CEST)
- Vel, det kunne nok vore ei løysing, men er ikkje sikker på om det vil få konsensus, i alle fall ikkje for ord som berre er svakt forskjellig frå bokmål. Det finst mange døme på at det er gjort slik der oppslagsorda er vesentleg forskjellige, men eg kjem ikkje på noko i farten. Men vi treng folk som kontrollerer og rettar der rett skal vere rett i både dine, mine, Ranveig og Knut sine artiklar. --Frokor (diskusjon) 14. mai 2013 kl. 11:03 (CEST)
Eg ser du har fått det for deg at nokon er ute etter deg. Dei siste endringane eg gjorde kom etter søk på ord og former som ikkje er i samsvar med den offisielle rettskrivinga, ikkje ved å ettergå endringane dine spesielt. «Bare», «høre», «skinne» og «kjøre» er ikkje rett nynorsk, og i følgje retningslinjene for denne wikien skal ein følgje den offisielle rettskrivinga (eller skrive høgnorsk). Ein skal også opplyse om kvar ein omset stoff frå (på grunn av CC-BY-SA-lisensen) og lenkjer ut skal liggje under overskrifta Bakgrunnsstoff, ikkje eksterne lenker. Viss du klarar å gjere desse tinga i tillegg til å gjere ferdig omsetjingane, og ikkje late liggje att ord og omgrep frå framande språk i artikkeltekstar, kategoriar og malar, vil det verte færre endringar i det du har lagt inn. Men å ynskje at folk skal slutte å endre i artiklane er det same som å ynskje wikien daud. Wikipedia heiter so fordi alt kan endrast fort. --46.15.152.229 14. mai 2013 kl. 12:28 (CEST)
Ekstern lenke
[endre wikiteksten]Om det er ei kjelde så må det stå under ==Kjelder==. Dessutan nyttar me ikkje ==Eksterne lenker/lenkjer== men ==Bakgrunnsstoff== --Frokor (diskusjon) 17. mai 2013 kl. 08:35 (CEST)
Då kan vel du rette det ved å endre ekstern lenke til kjelde. Eg trur det er viktig vi held oss sil det som er vanleg internasjonalt på wiki og ikkje finn på våre eigne reglar eller konvensjonar. Før eller seinare vil det komme nye medarbeidarar som vil endre det. Eg bare registrerer det som har skjedd med bruker av namn som inneheld Liste over. Bakgrunnsstoff er ikkje det same som er meint med Ekstern lenke. Thesam (diskusjon) 17. mai 2013 kl. 08:41 (CEST)
- Og når det kjem nye brukarar så fortel me dei korleis det skal vere, om dei ikkje har forstått det frå før, og så vidt eg veit har ikkje det i dei snart ni åra Nynorsk Wikipedia har eksistert vore eit problem, og kjem nok heller ikkje til å bli det. Eg er ikkje samd i alle måtar å gjere saker og ting på heller, som korleis me heller bruker ofte tungvindte namn i staden for å bruke parentes for fleirtydingsord. Men det er no ein gong slik at det er blitt bestemt at det skal vere slik, og då må enkeltbrukarane følgje dette. Om ein er usamd kan ein jo ta det opp på Samfunnshuset og sjå om det er stemning for å endre. Eg skulle også gjerne brukt amerikansk i tydinga det som gjeld USA, men det har vist seg å vere stor motstand mot dette, fordi det rettnok kan ha ei anna tyding òg.
- Når det gjeld kjelda, så kan ikkje eg eller andre vite kva du meiner når bakgrunnsstoff/eksterne lenkjer i utgangspunktet skal brukast til å vise til sider som kan gjer meir informasjon om emnet, bilete osv. Det er din jobb som opprettar artikkelen og gjere dette riktig, elles vil det sjå ut som artikkelen manglar kjelder, slik det såg ut til i dette tilfellet. --Frokor (diskusjon) 17. mai 2013 kl. 08:55 (CEST)