CITES
CITES (forkorting for Convention on International Trade of Endangered Species), òg kalla Washingtonkonvensjonen, er ein multilateral internasjonal avtale mellom land for å kontrollera handel med ville dyr og plantar. Føremålet med avtala er ein berekraftig handel – det vil seia at ein ikkje fjernar meir frå bestandane av dyr og plantar enn dei toler.
Konvensjonen tredde i kraft i 1975. I februar 2014 hadde 180 land ratifisert konvensjonen,[1] med Irak som det siste.[2] I Noreg har konvensjonen vore gjeldande sidan 25. oktober 1976. Miljødirektoratet er forvaltingsstyresmakt og vitskapleg styresmakt for CITES i Noreg.[3]
Artslister
[endre | endre wikiteksten]Omkring 4 800 dyreartar og 25 000 planteartar er omfatta av konvensjonen. Rundt 600 av dei er så sterkt truga at all handel med dei i praksis er forbode (CITES Appendix I). For dei øvrige er internasjonal handel anten avgrensa (CITES Appendix II) eller det finst krav om spesielle løyve for inn- og utførsel (CITES Appendix III). Forbod og reguleringer gjeld både levande og daude eksemplar, såvel som delar av organismar og produkt som skinn, fjør, tenner med meir.
CITES Appendix I
Appendix I omfattar dei mest truga artane, og handel med desse er i praksis stort sett forbode. Nesten 500 arter vert omfatta av denne lista.
CITES Appendix II
Appendix II omfattar truga arter der den internasjonale handelen må avgrensast for å sikre overlevinga deira. Over 2 500 dyrearter er omfatta av denne lista, dei fleste av dei rovfuglar. Over 25 000 plantearter er omfatta av lista, blant anna alle orkidé-arter.
CITES Appendix III
Appendix III krev at det følgjer med eit opphavssertifikat eller eksportløyve ved innførsel. Ca 250 arter står på denne lista.
Reservasjonar
[endre | endre wikiteksten]Land som har underskrive konvensjonen kan reservera seg mot vernet av ein viss art.[4]
Norske reservasjonar
[endre | endre wikiteksten]Det er spesielt for marine artar av kommersiell interesse at Noreg har gjort reservasjonar mot oppføring på CITES-listene. Reservasjonane er vanlegvis eit uttrykk for at Noreg reknar artane som så talrike at dei ikkje oppfyller dei kriteria som er sett fast av CITES for listing.
CITES Appendix I
- Spermkval (Physeter catodon)
- Vågekval (Balaenoptera acutorostrata) Unntaket gjeld populasjonen vest for Grønland
- Sørleg vågekval (Balaenoptera bonaerensis)
- Seikval (Alaenoptera borealis) Reservasjonen gjeld ikkje for populasjonane i det nordlege Stillehavet og i område frå 0 til 70 grader austleg lengdgrad, og frå ekvator til Antarktis.
- Finnkval (Balaenoptera physalus) Reservasjonen gjeld for populasjonane i Nordatlanteren ved Island, Nordatlanteren ved Newfoundland og i område frå 40 grader sørleg breiddegrad til Antarktis og frå 120 til 60 grader vestleg lengdegrad.
CITES Appendix II
- Brugde (Cetorhinus maximus)
- Kvalhai (Rhincodon typus)
- Kvithai (Carcharodon carcharias)
- Alle artar sjøhestar (Hippocampus spp.)
CITES Appendix III
Appendix III
- Ingen norske reservasjonar eksisterer
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ « Member countries», cites.org
- ↑ «The 180th Party: Iraq», cites.org
- ↑ «Handel med trua arter (CITES)», miljødirektoratet.no
- ↑ «Reservations», cites.org
- Denne artikkelen bygger på «CITES» frå Wikipedia på bokmål, den 14. april 2015.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad
- Handel med trua arter (CITES) ved Miljødirektoratet
- Miljøstatus i Norge: CITES-konvensjonen Arkivert 2008-10-16 ved Wayback Machine.