Carnoustie
Carnoustie | ||
---|---|---|
Carnoustie High Street | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | Skottland | |
Region | Angus | |
Tradisjonelt grevskap | Angus | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
10 561 | |
Koordinatar | 56°30′N 2°43′W / 56.500°N 2.717°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | DD7 | |
Telefon-retningsnummer | 0 1241 | |
Carnoustie er ein by i regionen Angus i Skottland. Han har kring 10500 innbyggjarar.
Han er særleg kjent for Carnoustie Golf Club. Ein spelte visstnok golf der alt i 1527, medan den tidlegaste referansen til golf i St. Andrews er frå 1552.
På byrjinga av det 1900-talet vart byen ein kurstad, då det kom på moten å reise til sjøen for å få frisk luft og bade i saltvatn. Dette førte til enorm aktivitet, som vart avbrote av utbrotet av første verdskrigen i 1914. Etter slutten til krigen i 1918 tok turistnæringa seg opp att, og i dag er turisme særs viktig for byen. Særs mange av dei som kjem dit no er på golfferie; då det etter andre verdskrig vart mogleg å reise på billege pakketurar til varmare strøk var det få som valde å leggje strandferie så langt nord.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Carnoustie» frå Wikipedia på bokmål, den 27. oktober 2011.