Closer to the Heart
Closer to the Heart Singel av Rush frå albumet A Farewell to Kings | ||
B-side |
«Madrigal» (USA) | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | oktober 1977 | |
Innspelt | juni 1977 i Rockfield Studios i Wales | |
Sjanger | Progressiv rock, hardrock | |
Lengd | 2:53 | |
Selskap | Mercury | |
Låtskrivar(ar) | musikk: Alex Lifeson, Geddy Lee
tekst: Neil Peart, Peter Talbot | |
Produsent | Rush, Terry Brown | |
Rush-kronologi | ||
«Fly by Night» (Live) (1976) |
Closer to the Heart | «Cinderella Man» (1977)
|
«Closer to the Heart» er ein song og ein singel av Rush, gjeve ut i 1977, frå albumet A Farewell to Kings. Det var den første Rush-songen som vart skriven i lag med ein person utanfor bandet, nemleg Peter Talbot, ein ven av trommeslagar Neil Peart. Han vart gjeven ut som singel i jula 1977 og gav bandet den første hitsingelen deira i Storbritannia med ein 36. plass på den britiske singellista.
Det er ein av dei mest populære songane til Rush og vert framleis spelt ein del på radio i dag. Songen har vore fast på nesten alle konsertane deira sidan 1977, men i nyare år har dei droppa songen fordi dei gjekk lei han.
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]Andre artistar som har spelt songen er Fates Warning og Landon Pigg (som nytta introen i sin song «Falling in Love at a Coffee Shop»). ."
Ein orkesterversjon av «Closer to the Heart» finst på Exit...Stage Left.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Closer to the Heart» frå Wikipedia på engelsk, den 13. september 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: