Hopp til innhald

Colette Flesch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Colette Flesch

Statsborgarskap Luxembourg
Fødd 16. april 1937 (87 år)
Dudelange
Yrke politikar, diplomat, fektar
Høgd 162 centimeter
Politisk parti Demokratiske partiet
Far Robert Flesch
Mor Madeleine Alexandre
Colette Flesch på Commons

Colette Flesch (fødd 16. april 1937) er ein luxembourgsk politikar. Ho har vore ordfører i Luxembourg by 1970–1980, visestatsminister og utanriksminister 1980–1984 og generaldirektør i Europakommisjonen. Flesch har vore aktiv fektar og deltatt for Luxembourg i tre olympiske sommarleikar.

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Familien budde i Dudelange sør i Luxembourg, nær grensa til Frankrike. Faren arbeidde i stålindustrien.[1] Familien flykta under andre verdskrigen til Frankrike, der faren døydde. Hun byrja på skulen i Frankrike og fortsette etter krigen skulegangen i heimlandet.

Flesch drog til USA for å studere. Ho fullførte i 1960 bachelorgrad i statsvitskap ved Wellesley College.[2] Deretter studerte ho internasjonal politikk ved Fletcher School of Law and Diplomacy ved Tufts University, der ho avla mastergrad i 1961. Flesch har også studert ved The Hague Academy of International Law i Nederland.

Flesch byrja som skuleelev med fekting og kom i 1953 med på landslaget.[1] Ho deltok for Luxembourg i sommarolympiadane i Roma i 1960, Tokyo i 1964 og Mexico by i 1968.[3] I 1967 ble hun kåret til årets idrettskvinne i Luxembourg.[4]

Etter studia byrja Flesch å arbeide for Det europeiske økonomiske fellesskapet i Brussel. Der arbeidde ho med landbruksspørsmål i fem år.[2]

I 1968 stilte Flesch til val for Det demokratiske partiet og blei vald til deputertkammeret i Luxembourg. Året etter, i 1970, blei ho ordførar i Luxembourg by. Ho var den fyrste kvinnelege ordføraren i byen.[5] Ho beheldt ordførarvervet til 1980.

Frå 1980 til 1984 var Flesch visestatsminister, utanriksminister, økonomi- og middelklasseminister og justisminister i regjeringa til Pierre Werner.[6] Ho overtok regjeringsposten og statsrådsporteføljen til Gaston Thorn, som blei president i Europakommisjonen.

Flesch engasjerte seg også i europeisk politikk. Ho var medlem av Europaparlamentet 1969–1980, 1984–1985, 1989–1990 og 1999–2004. Ho tilhøyrte den liberale og demokratiske gruppa, der ho også var viseformann, seinare Det europeiske liberale og demokratiske partiet si gruppe.[7] I 1990 blei ho generaldirektør i Europakommisjonen som sjef for generaldirektoratet for informasjon, kommunikasjon og kultur.[8]

  1. 1,0 1,1 «Colette Flesch», Munzinger Archiv. Lest 27. mai 2018.
  2. 2,0 2,1 «Colette Flesch '60», Wellesley College. Lest 27. mai 2018.
  3. «Colette Flesch» Arkivert 17. april 2020 på Wayback Machine., Sports-Reference. Lest 27. mai 2018.
  4. Trophée de la Meilleure Sportive Arkivert 20. juli 2018 på Wayback Machine., sportspress.lu.
  5. «Colette Flesch: "J'ai appliqué la doctrine Sinatra: Do it your way"», Luxemburger Wort, 7. oktober 2017. Lest 27. mai 2018.
  6. Guy Thewes: Les gouvernements du Grand-Duché de Luxembourg depuis 1848, data.public.lu, 2011, s. 192–193.
  7. «Colette FLESCH», Europaparlamentet. Lest 27. mai 2018.
  8. «Colette Flesch is Appointed Head of the Directorate-General for Information, Communication and Culture», pressemelding, Europakommisjonen, 29. mars 1990. Lest 27. mai 2018.