Dann Huff
Dann Huff | |||
Fødd | 15. november 1960 (64 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Nashville | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1976 til i dag | ||
Sjanger | hardrock, country, countrypop | ||
Instrument | gitar, vokal | ||
Tilknytte artistar | Whiteheart, Giant | ||
Plateselskap | Epic, Frontiers | ||
Verka som | Musikar, produsent, låtskrivar |
Dann Huff (fødd 15. november 1960) er ein USA-amerikansk musikar, studiomusikar, songar-låtskrivar og produsent.[1] For arbeidet hans som produsent innan countrymusikk har han fått fleire prisar, som årets musikar i 2001 og 2004 ved Country Music Association Awards og årets produsent i 2006 og 2009 ved Academy of Country Music.[2][3] Han er far til musikaren Ashlyne Huff.
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Huff byrja karrieren sin i det kristne rockebandet White Heart der han spelte med broren David Huff,[4][5] og seinare i det melodiske hardrockbandet Giant. Han har sidan vore ein aktiv studiogitarist og produsent både innan rock og country. I 1980-åra spelte Huff på album for Michael Jackson, Scritti Politti, Whitesnake, Roger Hodgson, Steven Curtis Chapman, Doro Pesch, George Benson,[6] debutalbumet til Whitney Houston Whitney Houston, Barbra Streisand,[7] Kenny Rogers[8] og andre.[9][10] Sidan 1990-åra har Huff arbeidd som produsent for forskjellige band og artistar som Faith Hill, Megadeth, Rebecca St. James og Rascal Flatts.[11]
Somme songar Huff har spelt på:
- «Danger Zone»-Kenny Loggins
- «Begin Again», «Starlight» & «Red» - Taylor Swift
- «Man in the Mirror» & «I Just Can't Stop Loving You» - Michael Jackson
- «My Heart Will Go On» - Celine Dion
- «I Could Fall in Love» - Selena
- «Toulouse to win» - Claude Nougaro
- «Here I Go Again» (US radioversjon 1987)[12] - Whitesnake
- «Rhythm of the Night» - DeBarge
- «The Glory of Love» - Peter Cetera
- «Next Time I Fall» - Peter Cetera med Amy Grant
- «I Keep Prayin» - Whitecross
- «One Sweet Day» & «All I Want for Christmas Is You» - Mariah Carey
- «Straight Up» & «Cold Hearted» - Paula Abdul
- «I Found Someone» - Michael Bolton
- «The Heart Is a Lonely Hunter» - Reba McEntire
- «On My Own» - Michael McDonald & Patti LaBelle
- «Go West Young Man» - Michael W. Smith[13]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Dann Huff» frå Wikipedia på engelsk, den 9. november 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Produsent Profile: Dann Huff». Rolling Stone. Henta 14. februar 2015.[daud lenkje]
- ↑ «CMA Awards Database - Dann Huff». Nashville, Tennessee, USA: Country Music Association Awards. Henta 2. januar 2013.[daud lenkje]
- ↑ «Winner Search Results - Dann Huff». Los Angeles, California, USA: Academy of Country Music. Henta 2. januar 2013.[daud lenkje]
- ↑ Rosenthal, Traja (14. mars 1987). «White Heart Beats». Lodi News-Sentinel (Lodi, California , USA). s. 5. Henta 24. september 2010.
- ↑ Cusic, Don (2009). Encyclopedia of contemporary Christian music: pop, rock, and worship. Greenwood Publishing Group. s. 461. ISBN 978-0-313-34425-1.
- ↑ «20 20 by George Benson @ARTISTdirect». ARTISTdirect. Henta 14. februar 2015.
- ↑ «Emotion by Barbra Streisand @ARTISTdirect». ARTISTdirect. Henta 14. februar 2015.
- ↑ «What About Me by Kenny Rogers @ARTISTdirect». ARTISTdirect. Henta 14. februar 2015.
- ↑ Songs and Album on which Dann Huff played on
- ↑ Biography of Giant/Dan Huff on Allmusic.com
- ↑ Tucker, Ken (15. april 2006). «Hitting the high notes». Billboard Magazine (e5 Global Media). s. 38. Henta 4. september 2010.
- ↑ Prown, Pete; Newquist, HP. Legends of rock gitar: The essential reference of rock's greatest gitaristar. Hal Leonard Corporation. s. 211. ISBN 0-7935-4042-9.
- ↑ «1990 album: Go West Young Man». Artist Direct. Henta 26. august 2015.