Den russiske nihilistrørsla
Utsjånad
- For filosofien nihilisme, sjå nihilisme.
Nihilistrørsla var ei kulturell rørsle i Russland på 1860-talet som stilte spørsmålsteikn ved alle former for gitte idéar og sosiale normer. Ordet kjem frå latin nihil, som tyder ingenting.
Nihilistane gjekk inn for full og heil fridom for alle individ og sjokkerte det russiske etablissementet. Idéane deira hadde politisk verknad, da dei gjekk imot underordning og kravde demokratiske reformer.
Nihilistane vart fordømde som «agitatorar» og etter drapet på tsar Aleksander II vart dei i Vest-Europa kjende for å bruke vald som reiskap for politisk endring.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Nihilist movement» frå Wikipedia på engelsk, den 30. desember 2006.