Dieter Thoma
Utsjånad
Dieter Thoma | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 19. oktober 1969 (55 år) Hinterzarten |
Idrett | skihopping |
Tok del i | Vinter-OL 1992, Skihopping under Vinter-OL 1994 – Normalbakke, Skihopping under Vinter-OL 1994 – Laghopp, Skihopping under Vinter-OL 1998 – Laghopp |
Utmerkingar | Baden-Württembergs fortjenstorden, Bayerns fjernsynspris |
Dieter Thoma (fødd 19. oktober 1969) er ein tidlegare tysk skihoppar. I 1990-åra var Thoma den nest beste tyske hopparen, etter Jens Weissflog.
Dieter Thoma var ikkje den fyrste kjente skihopparen i familien: Dieters onkel, Georg Thoma, var verdsmeister og olympisk meister i kombinert.
Thoma vann sitt første verdscuprenn som 19-åring. To år seinare, i 1990, vann han hoppveka samanlagt, og vann i tillegg VM i skiflyging i Vikersund på slutten av sesongen.
Føre sesongen 1993/1994 endra Dieter Thoma teknikken frå å hoppa parallelt til den nye V-stilen, og var med på det tyske mannskapet som vann laghoppinga under OL på Lillehammer. I tillegg tok han bronsemedalje i normalbakken.
Thoma la opp etter sesongen 1998/99.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Dieter Thoma» frå Wikipedia på bokmål, den 13. desember 2008.
Kategoriar:
- Einskildmenn
- Fødde i 1969
- Tyske skihopparar
- Verdsmeistrar i skiflyging
- Olympiske meistrar for Tyskland
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Tyskland
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Tyskland
- Vesttyske deltakarar under vinter-OL 1988
- Skihopparar under vinter-OL 1988
- Tyske deltakarar under vinter-OL 1992
- Skihopparar under vinter-OL 1992
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1994
- Tyske deltakarar under vinter-OL 1994
- Skihopparar under vinter-OL 1994
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1998
- Tyske deltakarar under vinter-OL 1998
- Skihopparar under vinter-OL 1998