Hopp til innhald

Dissonans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dissonans (av Latin: dis = «forskjellig, skild» og sonare = «klinga») er ei musikknemningintervall og akkordar som i tradisjonell musikk blir oppløyst i ein konsonans.

Spesielt blir intervall med frekvensar som har «kompliserte» talforhold, som stor septim (15:8), liten none (32:15) og liten sekund (16:15), rekna som dissonante. Ein annan sterk dissonans er tritonus. I den nyare delen av musikkhistoria har det blitt stadig vanlegare å nytta dissonansar, og ein finn det mellom anna i modernistiske verk som Igor Stravinskijs Vårofferet.