Durance
Utsjånad
Durance | |||
elv | |||
Brua Mirabeau over Durance.
| |||
Land | Frankrike | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 14 225 km² | ||
Lengd | 320 km | ||
Middelvassføring | 188 m³/s | ||
Kjelde | Dei cottiske Alpane | ||
• høgd | 2 300 moh. | ||
Munning | Rhône | ||
Durance 44°53′37″N 6°43′17″E / 44.8936°N 6.7214°E | |||
Wikimedia Commons: Durance |
Durance (oksitansk: Durença eller Durènço) er ei 320 km lang elv sørvest i Frankrike, og ei av sideelvane til Rhône frå venstre. Ho har sitt utspring sørvest i Alpane, nær Briançon. Ho renn sørvestover gjennom følgjande departement og byar:
- Hautes-Alpes: Briançon, Embrun.
- Alpes-de-Haute-Provence: Sisteron, Manosque.
- Vaucluse: Cavaillon, Avignon.
- Bouches-du-Rhône.
Durance munnar ut i Rhône nær Avignon. Dei største sideelvane hennar er Bléone og Verdon.