Ebba Haslund
Utsjånad
Ebba Haslund | |
Ebba Haslund i 1954 Foto: Svein Abraham Sturlason
| |
Statsborgarskap | Noreg, USA |
Fødd | 12. august 1917 Seattle |
Død |
10. juli 2009 (91 år) |
Yrke | skribent, litteraturkritikar, essayist, barnebokforfattar, politikar |
Politisk parti | Høgre |
Medlem av | Norsk Kvinnesaksforening |
Ebba Haslund på Commons |
Ebba Margareta Haslund Halvorsen, kjend som Ebba Haslund, (fødd 12. august 1917 i Seattle, død 10. juli 2009 i Oslo) var ein norsk forfattar og samfunsdebattant. Ho debuterte som forfattar med novellesamlinga Også vi i 1945 og fortsette å skrive bøker livet ut. I tillegg arbeidde ho som omsetjar, litteraturkritikar, forlagskonsulent og radiokåsør. Ho var formann i Den norske Forfatterforening frå 1971 til 1975 og ho hadde mange andre verv i råd, styre og organisasjonar. I Stortingsperioden 1961–1965 var ho fyrste vararepresentant for Akershus Høgre.[1] Ho var heidersmedlem i Norsk kvinnesaksforening og Den norske Forfatterforening[2]
Utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- Bokhandlarprisen 1966
- Riksmålsforbundets litteraturpris 1968
- Ossietzky-prisen 2006
- Haslund vart tildelt Fritt Ords honnør i 2007 for eit langt livs engasjement i teneste for litteratur og ytringsfridom.