Hopp til innhald

Edvard Munch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om kunstmålaren. For andre personar med same namnet, sjå Edvard Munch (fleirtyding).
Edvard Munch

Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. desember 1863
Ådalsbruk
Død

23. januar 1944 (80 år)
Ekely, Oslo

Yrke kunstmålar, grafikar, grafikar, teiknar, bygningstegner
Språk norsk
Sjanger portrett, ekspresjonisme, sjangermåleri, landskapsmåleri, sjølvportrett
Medlem av Berlin-secesjonen
Far Christian Munch
Mor Laura Cathrine Munch
Signatur
Edvard Munch på Commons

Edvard Munch (12. desember 186323. januar 1944) var ein norsk kunstmålar, grafikar og ein av dei tidlege representantane for ekspresjonismen. Den intense og stemningsfulle måten han skildra psykisk liding på hadde mykje innverknad på utviklinga av tysk ekspresjonisme tidleg på 1900-talet.[1][2]

Edvard Munch er den einaste norske kunstmålaren som er kjend og verdsett verda over. Det internasjonalt mest kjende måleriet hans er truleg Skrik. Verk av Munch er å sjå i mange internasjonale kunstgalleri som i New York, Göteborg og København.[3] I Oslo er sentrale verk å sjå på det kommunale Munch-museet, på det statlege Nasjonalmuseet og som veggmåleri i aulaen i Domus Media (tilhøyrande Universitetet i Oslo) ved Karl Johans gate. I Bergen er verk som vert rekna blant dei beste som Munch har skapt, å sjå i Bergen kunstmuseum.

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Munch vart fødd på Løten i Hedmark fylke, men voks opp i Kristiania.

Munch museum, Oslo.
Edvard Munch, Jarnbanetog.

På 70-årsdagen sin i 1933 vart Munch tildelt storkrossen av St. Olavs Orden.

Testamentarisk gåve

[endre | endre wikiteksten]

Edvard Munch testamenterte til Oslo kommune ei gåve som femna om lag 1 100 måleri, 15 500 grafiske blad med 700 ulike motiv, 4 700 teikningar og seks skulpturar. I tillegg kom nesten 500 trykkplater, 2 240 bøker, notatbøker, dokument, fotografi, verktøy, rekvisita og møblar. Denne gåva danna hovudstamma i den samlinga av Munchs verk som Munch-museet i Oslo rår over.

  1. Watson, G.F. (19. januar 2023). «Edvard Munch». Britannica. Henta 2. februar 2023. 
  2. Frederiksen, Finn Terman (16. desember 2020). «Edvard Munch». Den Store Danske i lex.dk. Henta 2. februar 2023. 
  3. Kirkholt, Tore (27. desember 2021). «Edvard Munch». Store norske leksikon i snl.no. Henta 2. februar 2023. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Edvard Munch