Hopp til innhald

Egil Olli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Egil Olli

Fødd13. oktober 1949 (75 år)
Porsanger kommune
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, hundekøyrar
Alle verv
  • sametingspresident (2007–2013)
  • sametingsrepresentant (1989–1993)
  • sametingsrepresentant (1993–1997)
  • sametingsrepresentant (1997–2001)
  • sametingsrepresentant (2001–2005)
  • sametingsrepresentant (2005–2009)
  • sametingsrepresentant (2009–2013) Sjå dette på Wikidata

Egil Andreas Olli, kjend som Egil Olli, (fødd 13. oktober 1949) er sametingsrepresentant for Arbeiderpartiet. Han vart sametingspresident i 2007, midt i perioden 2005-2009, og heldt fram som president også i perioden 2009-2013. Han vart vald inn frå Ávjovárri valkrins.

Olli har vore sametingsrepresentant alle periodane frå 1989 og vart attvald i 2009. Olli var Arbeidarpartiet sin presidentkandidat ved valet i 2005. 26. september 2007 vart Egil Olli vald til sametingspresident, etter at det parlamentariske grunnlaget for NSR sin president Aili Keskitalo forsvann grunna ein konflikt mellom NSR og varapresident Johan Mikkel Sara.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Spire Denne samiske artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.