Eugendorf
Utsjånad
Eugendorf er ein kommune i Distriktet Salzburg-Umgebung i Forbundslandet Salzburg i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 29 km² og i kring 6 900 ibuarar. Landsbyen Eugendorf, med sine 2 100 ibuarar, ligg ei ti kilometer nordaust om byen Salzburg og 560 meter over havet. Også landsbyane/grendene Reitberg, Eugenbach, Schwaighofen, Kalham, Prebering, Schaming, Neuhofen, Kirchberg og Knutzing ligg i kommunen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Eugendorf» frå Wikipedia på tysk, den 2. mai 2017.