Europaveg
Europavegar er eit nett av vegar som bind Europa saman. Dei kryssar nasjonale grenser og er underlagde UNECE, SN sin europakommisjon. Vegane er nummererte frå 1, som i Europaveg 1 eller E1, og oppover.
Organisering
[endre | endre wikiteksten]Skilting
[endre | endre wikiteksten]Europavegar blir alltid markerte med eit rektangulært skilt med grøn bakgrunn og kvit ramme og tekst. Det varierer korleis ulike land set opp skilta. I somme, til dømes Noreg, Sverige, Danmark, Polen, Serbia og Kroatia, blir desse skilta brukte som det primære vegnummeret. I andre land, som Tyskland, Sveits, Frankrike og Belgia, har vegane gjerne både eit europavegnummer og eit nasjonalvegnummer, der den primære skiltinga viser nasjonalvegnummeret. Europavegane blir likevel skilta også her.
Reglar
[endre | endre wikiteksten]Vegnummersystemet blei definert av UNECE i 1975, men gjekk gjennom ei stor endring i 1992. I dag følgjer det i hovudsak dette systemet:
- Referansevegar og mellomliggjande vegar, såkalla klasse A-vegar, har tosifra nummer. Grein- og sambandsvegar, såkalla klasse B-vegar, har tresifra nummer.
- Generelt:
- Klasse A-vegar i retning nord-sør har ulike nummer som er lågast i vest, høgast i aust.
- Referansevegar har nummer med 5 som siste siffer.
- Mellomliggande vegar har nummer med 1, 3, 7 eller 9 som siste siffer.
- Klasse A-vegar i retning aust-vest har like nummer som er lågast i nord, høgast i sør.
- Referansevegar har nummer med 0 som siste siffer.
- Mellomliggande veger har nummer med 2, 4, 6 eller 8 som siste siffer.
- Klasse B-vegar har tresifra nummer sånn at det første sifferet er frå den næraste vegen i nord, det andre frå den næraste vegen i vest, og det tredje eit løpenummer.
- Klasse A-vegar i retning nord-sør har ulike nummer som er lågast i vest, høgast i aust.
- Klasse A-vegar med retning nord-sør aust for E99 har ulike nummer frå 101 til 129. Reglene over gjeld òg for desse vegane.
- Klasse B-vegar aust for E101 har tresifra nummer frå 001 til 099.
Unntak
[endre | endre wikiteksten]To klasse-A vegar, E47 og E55, er framleis skilta med nemningane dei hadde før 1992 innan Sverige og Noreg. Vegane som skulle ha skifta namn frå E6 og E4 har framleis gamle namn og skilt. Dette blei tillate på grunn av dei store kostnadane ei omskilting av desse svært lange vegstrekningane ville gje. Frå Danmark og sørover er vegane skilta med dei nye namna sine.
Oversyn over vegar
[endre | endre wikiteksten]- E45 - mellom Alta (i Finnmark) og Gela (på Sicilia i Italia).[1]
Klasse A-vegar
[endre | endre wikiteksten]Nord-sør
[endre | endre wikiteksten]- E4 går mellom Helsingborg og Torneå, og passerer Stockholm. Vegen er eigentleg del av Europaveg 55, sjå over.
- E5 går mellom Greenock i Skottland og Algeciras i Spania, og passerer mellom anna Birmingham, Paris, Madrid og Sevilla.
- E15 går mellom Inverness og Algeciras og passerer Edinburgh, London, Paris og Barcelona.
- E25 går mellom Hoek van Holland og Palermo og passerer Rotterdam, Luxembourg, Bern, Genève og Bastia.
- E35 går mellom Amsterdam og Roma og passerer Frankfurt am Main og Milano.
- E45 går mellom Karesuando og Gela i Italia og passerer Göteborg, Hamburg, München og Napoli. Vegen frå Karesuando til Göteborg blei Europaveg i 2006.
- E55 går mellom Helsingborg og Kalamáta i Hellas og passerer København, Berlin, Praha og Ravenna (sjå òg E4)
- E65 går mellom Malmö Khaniá i Hellas og passerer Szczecin, Praha, Bratislava, Zagreb, Split, Skopje og Korinthos.
- E75 går mellom Vardø og Sitía i Hellas og passerer Vadsø, Varangerbotn, Helsingfors, Gdańsk, Katowice, Bratislava, Budapest, Beograd, Skopje og Thessaloníki.
- E85 går mellom Klaipėda og Alexandroúpoli og passerer Vilnius og Bucureşti.
- E95 går mellom St. Petersburg og Merzifon og passerer Kiev og Odessa.
- E105 går mellom Kirkenes og Jalta og passerer Murmansk, St. Petersburg og Moskva.
- E115 går mellom Jaroslavl og Novorossijsk og passerer Moskva.
- E117 går mellom Mineralnyje Vody og Megri og passerer Tbilisi og Jerevan.
- E119 går mellom Moskva og Astara og passerer Volgograd, Astrakhan og Baku.
- E121 går mellom Samara i Russland til Iran og passerer Uralsk og Turkmenbashi.
- E123 går mellom Tsjeljabinsk og Pandzji Pojon og passerer Tasjkent.
- E125 går mellom Petropavlovsk og Torugart og passerer Almaty og Bisjkek.
- E127 går mellom Omsk og Qapsjaghaj.
Vest-aust
[endre | endre wikiteksten]- E10 går mellom Å i Lofoten og Luleå og passerer Narvik og Kiruna.
- E20 går mellom Shannon og St. Petersburg og passerer Dublin, Manchester, København, Stockholm, Tallinn og St. Petersburg.
- E30 går mellom Cork og Omsk og passerer Cardiff, London, Haag, Berlin, Warszawa, Minsk og Moskva.
- E40 går mellom Calais og Leninogorsk og passerer Brugge, Brussel, Köln, Kraków, Kiev, Tasjkent, Bisjkek og Almaty.
- E50 går mellom Brest i Frankrike og Makhasjkala i Dagestan og passerer Paris og Praha.
- E60 går mellom Brest og Irkeshtam i Kirgisistan og passerer Basel, Zürich, Salzburg, Wien, Oradea, București, Tbilisi, Baku, Turkmenbashi, Asjgabat og Bokhara.
- E70 går mellom A Coruña i Galicia og Poti i Georgia og passerer Bilbao, Lyon, Torino, Ljubljana, Zagreb, Beograd, Timişoara og București.
- E80 går mellom Lisboa og Iran og passerer Toulouse, Genova, Roma, Dubrovnik Sofia og Istanbul.
- E90 går mellom Lisboa og Irak og passerer Madrid, Barcelona, Palermo, Brindisi, Thessaloníki, Bursa og Ankara.