Even Saxlund
Even Saxlund | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 10. juni 1811 Stange kommune |
Død | |
Yrke | politikar |
Språk | norsk |
Far | Michael Andersen Saxlund |
Even Saxlund (10. juni 1811–6. august 1902) var ein jurist, politikar og embetsmann, fødd i Stange. Mikkel Anderssen Saxlund var faren hans, Michael Saxlund sonen hans.
Saxlund tok juridisk embetseksamen 1835, arbeidde i Justisdepartementet frå 1836 til 1838. Frå 1838 var han fut og sorenskrivar i Aust-Finnmark. Han var fyrst busett i Vadsø, sidan i Vardø. I 1852 vart han utnemnd til byfut i Fredrikshald.
Saxlund var stortingsmann for Finmarkens amt 1845-51 og for Fredrikshald krins på nye tre Storting 1854, 1857-1858 og 1862-64. Han var sekretær i bankkomiteen 1845, av Odelstinget og tollkomiteen 1848. Sekretær i Stortinget 1851, 1854, 1857 og i tollkomiteen 1857. Formann i tollkomiteen 1857, i komiteen om mursteinstollen 1858, og i gasje- og pensjonskomiteen. Medlem av Lagtinget 1863 og 1864, samt av deputasjonane til Eidsvoll 17. mai 1864 og Stockholm 4. november 1864.
Saxlund var høgsterettsassessor frå 1864 til 1894, og var såleis medlem av riksretten over Selmer-regjeringa i 1884.
Etter han tok avskjed frå høgsterett busette Saxlund seg i København, der han døydde i 1903.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- S. H. Finne-Grønn:Slegten Michelet. Chistiania 18??
- Einskildmenn
- Fødde i 1811
- Døde i 1902
- Stortingsrepresentantar 1845-1847
- Stortingsrepresentantar 1848-1850
- Stortingsrepresentantar 1851-1853
- Stortingsrepresentantar 1854-1856
- Stortingsrepresentantar 1857-1858
- Stortingsrepresentantar 1862-1864
- Stortingsrepresentantar for Finnmark
- Stortingsrepresentantar for Fredrikshald
- Norske sorenskrivarar
- Folk frå Stange