Familie
Utsjånad
- For det taksonomiske omgrepet, sjå biologisk familie
Familie, av latin famulus 'tenar'[1] var i romarretten ei nemning for personar som budde saman i eit hushald. I nyare tyding er familien personar som deler hushald og som er bundne til kvarandre gjennom ekteskap, slektskap eller adopsjon.[2] I tillegg må vi i dag rekne dei som er knytt til hushaldet gjennom partnarskap eller sambuarskap som ein del av familien.
I Noreg kan ein skilje mellom kjernefamilien, som omfattar foreldra og barna deira, og storfamilien, som kan omfatte nærskylde personar over fleire generasjonar og som bur i lag t.d. på eit gardsbruk. Eit diffust omgrep som «storfamilie» kan og ha andre og vidare tydingar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- Funksjonstapping av familien
- Stamme
- Generasjonsfamilie - Ein familie der fleire generasjonar bur saman.
- Skilsmisse
- Sambuarskap