Finn Støren
Finn Støren | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 20. november 1893 Kristiansand kommune |
Død |
18. april 1962 (68 år) |
Yrke | diplomat, forretningsdrivande |
Politisk parti | Nasjonal Samling |
Finn Støren på Commons |
Finn Støren (fødd 20. november 1893 i Kristiansand, død 18. april 1962 i Buenos Aires[1][2]) var ein norsk finansmann og diplomat.
Han tok examen artium i 1914, studerte finans og dreiv meklarfirmaet P. Anker i Kristiania. I Russland trefte han Fridtjof Nansen og Vidkun Quisling som dreiv hjelpearbeid under svoltkatastrofen der.
I 1922 var han blant dei første nordmennene som budde på Galápagos i lengre tid, i eit forsøk på å kolonisera øygruppa saman med Per Bang og Jens Aschehoug.[3] Dei gav ut ei reiseskildring i 1926. Han var i lengre tid utanlands som diplomat i Russland, Colombia og konsul i Panama 1930-33.
Tilbake i Noreg i 1933 busette han seg i Drangedal og vart med i Nasjonal Samling.[4] Støren vart reiar i eige kvalfangstfirma i Kragerø. Han eigde mellom anna kvalkokaren FLK «Roald Amundsen» (1904) frå 1937 til 1939, uten at denne blei swtt i drift.
Han verka som leiar for Direktoratet for spesialorientering i perioden 1940-45. Direktoratet var innordna Innanriksdepartementet, men var meint å bli det nye utanriksdepartementet etter okkupasjonen.[5] I denne funksjonen var Støren i praksis uoffisielle utanriksminister for Quisling, og var blant anna Quisling sin ledsagar på besøk hjå Adolf Hitler.[6] Etter krigen vart han arrestert, men flykta til Argentina i 1947 saman med mellom andre Arne Høygaard.
Det er kjent at han skreiv under pseudonyma F. Grong og F. Balg.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Finn Støren i Store Norske Leksikon
- ↑ Utdjupingsartikkel i SNL
- ↑ Hoff, Stein (1945-) (1985). Drømmen om Galapagos: en ukjent norsk utvandrerhistorie. Grøndahl. ISBN 8250407687.
- ↑ Øystein Sørensen (1983). Fra Marx til Quisling: fem sosialisters vei til NS. Aventura. ISBN 8258802585.
- ↑ Christian Christensen (1988). Den andre siden. Cappelen. ISBN 8202112281.
- ↑ Skaug, Tore (1939-) (1998). "Vandfaldene ere bequemme": Skafså kraftverk 50 år. Skafså kraftverk. ISBN 8299477603.