Hopp til innhald

Finnmark Dagblad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Finnmark Dagblad er ei avis utgjeven i Finnmark fylke. Med eit opplag på rundt 9 500 er ho den største avisa i tidlegare Finnmark fylke. Hovudkontoret ligg i Hammerfest, med lokalkontor i Alta, Lakselv og Honningsvåg.

Avisa kjem ut alle vekedagane. Ansvarleg redaktør er Lars Petter Einarsson, medan Gudrun B. Rollefsen er administrerande direktør.

Finnmark Dagblad har tidlegare heitt Vestfinnmark Arbeiderblad og Vestfinmarken Socialdemokrat.

Det er A-pressa som eig avisa, medan ho igjen har aksjemajoriteten i den samiske avisa Min Áigi og eig vekesavisa Finnmarksposten, som kjem ut i Honningsvåg.

Opplagstal

[endre | endre wikiteksten]

Utvikling i nettoopplag.[1]

År Nettoopplag
2000 10 015
2001 10 131
2002 9 994
2003 9 561
2004 9 404
2005 9 225
2006 9 196
2007 9 188
2008 8 813
2009 8 070
2010 7 713
2014 6 079

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
  1. Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.