Finsk mark
Utsjånad
Finsk mark Suomen markka | |||
| |||
Land | Finland | ||
---|---|---|---|
Delt i | 100 penniä | ||
Valutakode | FIM | ||
Innført | 1861 | ||
Avskaffa | 1. januar 1999 | ||
Erstatta av | Euro |
Finsk mark (finsk: Suomen markka) var valutaen i Finland frå 1861 og fram til 1. januar 1999, då ho vart bytt ut med euro. Valutakoden for finsk mark var FIM, men til dagleg vart mynteininga forkorta til mk. Ei mark var delt opp i 100 penni.
Marka vart lansert i 1861 som ein kvart russisk rubel. I 1917 vart Finland sjølvstendig og Den Finske Bank vart stifta. Mark vart då relansert som ei eiga mynteining basert på gullfot. I 1963 vart den gamle 'finske marken' bytt ut med ny-mark på grunn av inflasjon. Den nye marka var verd 100 gamle mark.
Namnet mark kjem frå den mellomalderske vekteininga. Både «mark» og «penni» er låneord frå den tyske marka og pfennigen.
Myntar og setlar vart fjerna frå sirkulasjon i 2002.