Flatdal
Utsjånad
Flatdal | |||
stad | |||
Flatdal
Foto: Falk Lademann | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Telemark | ||
Kommune | Seljord | ||
Postnummer | 3841 FLATDAL | ||
Ferdselsårer | E134 | ||
Flatdal 59°34′00″N 8°34′00″E / 59.56666667°N 8.56666667°E | |||
Wikimedia Commons: Flatdal |
Flatdal er ei bygd, ein dal og eit kyrkjesokn i Seljord kommune i Telemark. Gjennom dalen renn elva Flatdøla som nedst dannar vatnet Flatsjå, og er ein del av Skiensvassdraget.
Nedst ved Flatsjå er dalen smal, med bratte fjell på sidene, på vestsida her ligg Skorve. Lenger oppe vidar han seg ut og den flate dalbotnen er omgjeven av skogkledde dalsider. Elvesletta, som utgjer dalbotn, er lettdrive jordbruksland, men ved stor vassføring vart det flaum og nedste del av dalen vart ofte lagd under vatn. Av den grunn vart busetjinga samla i Flatdalslandsbyen der det er 40 gardsbygningar fordeld på ti gardstun, eit stykke opp i dalen. Elva er no regulert. Ved Flatdalslandsbyen ligg Flatdal kyrkje frå 1654.
Andre nettstader
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Flatdølas utløp i Flatsjå» på nettstaden ElvedeltadatabasenDenne geografiartikkelen som har med Telemark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.