Fundament
Utsjånad
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå fundament (fleirtyding).
Fundament eller sokkel er den berande delen av eit byggverk. Sokkelen finst nedst i bygget, ofte grave ned i jorda. Det har som føremål å overføra vekta av bygget og andre påverknader til bakken.
Ofte byggjer ein grunnmur som fundament. Tradisjonelt var denne laga av stein og/eller murt. I moderne tid bruker ein gjerne betong.
Ordet «fundament» kjem av latin fundere, 'grunnleggje'. I overført tyding kan ein bruka ordet for å visa til føresetnad eller grunnlag for noko abstrakt, til dømes forhandlingar eller forsking.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]«fundament» i Store norske leksikon, snl.no.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«fundament» i Store norske leksikon, snl.no.