Hopp til innhald

Fuzhou i Jiangxi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fuzhou i Jiangxi

Fuzhou (kinesisk skrift 抚州市, pinyin Fǔzhōu Shì) er eit byprefektur i provinsen Jiangxi i Kina. Fuzhou ligg sør for provinshovudstaden Nanchang. Byprefekturet har eit areal på 18 817 km2 og i 2004 om lag på 3,7 millionar innbyggjarar.

Viktigaste industriane i byprefekturet er næringsmiddel-, tekstil- og bilindustriane.

Byen var tidlegare kjent under namnet Linchuan.