Hopp til innhald

Gagnamagnið

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gagnamagnið (engelsk: The Data, norsk omsetjing: datamengda) er eit islandsk band som vert leia av Daði Freyr Pétursson. 29. februar 2020 vann bandet islandske Söngvakeppnin med songen «Think About Things» og skulle dimed ha representert Island i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland. 18. mars 2020 avlyste EBU tevlinga på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1] I staden skal bandet og Pétursson representere Island i Eurovision Song Contest 2021.

Gagnamagnið består av seks medlemmar: frontvokalist Daði Freyr Pétursson, kona hans Árný Fjóla Ásmundsdóttir, systera Sigrún Birna Pétursdóttir, Hulda Kristín Kolbrúnardóttir, Stefán Hannesson og Jóhann Sigurður Jóhannsson.[2]

Namnet til bandet vert omsett til «The Data» på engelsk, men meir direkte omsett betyr Gagnamagnið «datamengda». Bandet er kjend for sine karakteristiske grøne genserar med sine eigne andlet pikselert på.[3]

I 2017 deltok Gagnamagnið i den islandske songtevlinga Söngvakeppnin, der vinnaren får representere Island i Eurovision Song Contest. Gagnamagnið deltok med songen «Hvað með það?», men vart nummer to etter Svala Björgvinsdóttir.[4] Daði og Gagnamagnið deltok på nytt i 2020 med songen «Gagnamagnið», med den engelske tittelen «Think About Things».[5] Denne gongen vann bandet tevlinga og skulle ha representert Island i Eurovision Song Contest 2020.[6] På grunn av koronavirusutbrotet vinteren 2020 vedtok EBU å avlyse tevlinga. Dette vart gjort for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19 i Europa.[7]

I oktober kunngjorde den islandske kringkastaren RÚV at Daði og Gagnamagnið skal representere Island i Eurovision Song Contest i 2021.[8]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020. 
  2. eurofestival (29. februar 2020). «Eurovision 2020: in Islanda trionfano Daði Freyr e i Gagnamagnið con "Think about things"» (på italiensk). Henta 1. mars 2020. 
  3. «Iceland: Daði & Gagnamagnið release the music video for "Think about things" ahead of semi-final 2 of Söngvakeppnin 2020» (på engelsk). 14. februar 2020. Henta 1. mars 2020. 
  4. «Svala fulltrúi Íslands» (på islandsk). Henta 1. mars 2020. 
  5. «Daði Freyr snýr aftur í Söngvakeppnina» (på islandsk). Henta 1. mars 2020. 
  6. «Daði & Gagnamagnið win Söngvakeppnin with "Think About Things"» (på engelsk). 29. februar 2020. Henta 1. mars 2020. 
  7. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020. 
  8. «Daði og Gagnamagnið return for Iceland» (på engelsk). 23. oktober 2020. Henta 23. oktober 2020.