Garth Hudson
|
Eric Garth Hudson (fødd 2. august 1937) er ein kanadisk multi-instrumentalist. Som organist og pianist for The Band, var han ein av berebjelkane i den unike stilen til bandet.
Han var ein meister på Lowrey orgel, og han fekk lydar ut av dette instrumentet som ein seinare først fekk med polyfone synthesizerar. Dei andre viktigaste instrumenta hans er piano, elektriske klaverinstrument, tenorsaksofon, sopransaksofon og trekkspel. Han har vore særs mykje nytta som studiomusikar og har spelt med mange artistar. Han spelar òg i ein duett med kona Maud, og i 2002 vart han med venen Sneaky Pete Kleinow i Burrito Deluxe, ein avleggar av The Flying Burrito Brothers. Han har òg sitt eige tolv mann store band kalla The Best!.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]År | Album | Selskap | Merknad |
---|---|---|---|
2001 | The Sea to the North | Woodstock | |
2005 | Live at the Wolf | Make It Real | *med Maud Hudson |
2005 | Our Lady Queen of the Angels | Other People's Music | *innspelt i 1980 |
2010 | Garth Hudson Presents: A Canadian Celebration of The Band | Sony Music |
Filmar
[endre | endre wikiteksten]Hudson har medverka i følgjande filmar
- 1978 The Last Waltz (musikar)
- 1980 Raging Bull (komponist)
- 1983 The King of Comedy (musikk)
- 1983 The Right Stuff (komponist)
- 1986 Man Outside (skodespelar- Cheney/musikk)
Samarbeid
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Garth Hudson» frå Wikipedia på engelsk, den 22. januar 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: