Hopp til innhald

George Uhlenbeck

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
George Uhlenbeck

Fødd6. desember 1900
Batavia, Jakarta
Død31. oktober 1988
Boulder
NasjonalitetKongeriket Nederlanda, USA
Områdeteoretisk fysikk, fysikk
Yrkefysikar, universitetslærar
InstitusjonarUniversity of Michigan
Universitetet i Utrecht
Rockefeller University
Universitetet i Leiden
Universitetet i Amsterdam
University of Michigan
Radiation Laboratory
Alma materDet tekniske universitetet i Delft
Universitetet i Leiden
DoktorgradsrettleiarPaul Ehrenfest
BarnOlke C. Uhlenbeck
MedlemAmerican Academy of Arts and Sciences
Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen
American Physical Society
National Academy of Sciences

George Eugene Uhlenbeck (6. desember 190031. oktober 1988) var ein nederlandsk-amerikansk fysikar. Saman med Samuel Goudsmit sette han i 1925-1926 fram hypotesen om at elektron er partiklar med spinn, og forklarte dermed ei rekkje eigenskapar ved atomspektrum.

Uhlenbeck tok doktorgrad i Leiden i 1927 og var tilsett ved University of Michigan frå 1927 til 1935. Han var professor i Utrecht i 1935, i Michigan i 1939 og ved Rockefeller University i New York frå 1960 til 1974.