Gisken Wildenvey
Gisken Wildenvey | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 23. mars 1892 Vågan kommune |
Død |
14. januar 1985 (92 år) |
Yrke | skribent |
Språk | norsk |
Ektefelle | Herman Wildenvey |
Gisken Wildenvey på Commons |
Gisken Wildenvey (fødd Jonette Pauline Andreassen, fødd 23. mars 1892 på Austvågøy i Vågan kommune, død 14. januar 1985) var ein norsk forfattar. Ho oppgav sjølv 1895 som fødselsåret sitt, men var truleg to år eldre, ifølgje biografi til Tom Lotherington om Herman Wildenvey.[1]
Ho var dotter av gardbrukar Anton Lauritz Andreassen og Inger Martha Jentoft Petersen. Sju år gammal vart ho sett bort til pleieforeldre på Fiskenes i Andøy. Ho brukte òg mellomnamnet Kramer, som ho tok etter den nye mannen til mora. Namnet Gisken hadde ho fått av Herman.
Ho gifta seg 4. februar 1912 med Herman Wildenvey, og levde saman med han. Frå 1927 budde dei i Hergisheim i Stavern.
Ho debuterte med boka Bedaarere i 1925. Ho er mest kjend for dei fire dels sjølvbiografiske bøkene om Andrine. Ho mottok Gyldendals legat i 1965. I erindringsboka Kjærlighet varer lengst (1975) skildrar ho samlivet med Herman.
Gisken Wildenvey er gravlagd på Æreslunden på Vår Frelsers Gravlund i Oslo.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Gisken Wildenvey» frå Wikipedia på bokmål, den 6. august 2011.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Tom Lotherington: Wildenvey - et dikterliv, Aschehoug 1993.