Hopp til innhald

Gjesvær

Koordinatar: 71°6′0.74880″N 25°22′34.889″E / 71.1002080000°N 25.37635806°E / 71.1002080000; 25.37635806
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

71°6′0.74880″N 25°22′34.889″E / 71.1002080000°N 25.37635806°E / 71.1002080000; 25.37635806

Gjesvær
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Nordkapp
Kart
Gjesvær
71°06′01″N 25°22′35″E / 71.10027778°N 25.37638889°E / 71.10027778; 25.37638889
Wikimedia Commons: Gjesvær

Gjesvær (nordsamisk Geaissvearra) er ei bygd i Nordkapp kommune i Finnmark fylke.

Bygda ligg på nordvestspissen av Magerøya og er eit fiskevær med fryseri, kjølelager og tilverking av fisk. Det er vegsamband til Honningsvåg og Nordkapplatået gjennom fylkesveg/E 69. Gjesvær kapell frå 1960 er rekna som eit kulturminne.

Ut mot havet nord for Gjesvær ligg Stappan, som er tre høge, bratte øyar. Dei tre øyane er høvesvis Bukkstappen (92 moh.), Kjerkestappen (166 moh.) og Storstappen (283 moh.). Øyane har fuglefjell og er naturreservat. Det har tidlegare vore busetjing på øyane, og på Kjerkestappen har det også vore ei kyrkje.

Namnet kjem av mannnamnet Geir, norrønt geirr for 'spyd' og av vær, 'fiskevær'. Staden er truleg den same som Geirsver i Heimskringla.

«Gjesvær» i Store norske leksikon, snl.no.