Gråseglar
Gråseglar | |
Gråseglar Foto: Stavros Karabinas
| |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Seglarfuglar Apodiformes |
Familie: | Seglarar Apodidae |
Slekt: | Apus |
Art: | Gråseglar A. pallidus |
Vitskapleg namn | |
Apus pallidus |
Gråseglar (Apus pallidus) er ein fugleart i seglarfamilien. Han hekkar rundt Middelhavet, på Kanariøyene og Madeira, i Midt-Austen, på Den arabiske halvøya og rundt Persiabukta. Arten er ein sterk trekkfugl som overvintrar i eit belte i Afrika sør for Sahara, men avgrensa populasjonar i Afrika er standfuglar.[1]
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Gråseglarar liknar mykje på tårnseglar, både i storleik og i utsjånad. Kroppslengda er ca. 16 centimeter og vekta ca 42 gram.[1] På avstand er dette ein mørk, nær svart seglar med kvit strupe, kort, kløfta hale og lange, halvmåneforma venger i fluktbiletet. Samanlikna med tårnseglar har han ein aning kraftigare kroppsbygging, breiare og lysare strupeområde, og litt meir brunskjær i fjørdrakta. På kort avstand er skjelforma mønster synleg på undersida. Vengeslaga er litt langsamare enn hos tårnseglarar.
Føda er insekt og edderkoppar som svevar i lufta.
Lætet er eit høgt tørr skrik lik som slektningen sin, men med lågare tonehøgd.
Hekkeområde er ofte knytt til kystar og øyer, men dei kan hekke så høgt som på 2700 moh. til dømes i Sierra Nevada i Spania.
Den globale populasjonen er estimert til 250 000 til 2 mill individ og er trudd å vere stabil.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Chantler, P., Bonan, A. & Boesman, P. (2016) Pallid Swift (Apus pallidus) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 4. desember 2016
- Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
- Referansar
- ↑ 1,0 1,1 Chantler et al, HBW Alive (2016)
- ↑ BirdLife International (2016) Species factsheet: Apus pallidus. Henta frå http://www.birdlife.org den 4. desember 2016