Hopp til innhald

Hålogalandsbrua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hålogalandsbrua

TypeHengebru
StadNarvik
Opna9. desember 2018
StrekningEuropaveg 6
Lengd1 559 meter
Høgd179 meter
Fri høgd40 meter
Største spenn1 145 meter
Breidd18,6 meter
KryssarRombaken
Materialestål, armert betong
Kart
Hålogalandsbrua
68°27′36″N 17°28′54″E / 68.459955°N 17.481651°E / 68.459955; 17.481651

Hålogalandsbrua (nordsamisk Holgolátrovvi) er ei bru i Narvik kommune i Nordland. Brua kryssar Rombaken og er ein del av Europaveg 6. Med ei lengd på 1 533 meter er dette den nest lengste hengjebrua i Noreg, målt etter spenn. Berre Hardangerbrua er lengre.

Hålogalandsbrua vart offisielt opna 9. desember 2018 av statsminister Erna Solberg.[1][2] Strekninga Narvik–Bjerkvik på E6 blei korta inn med 18 kilometer, og Narvik–Bjørnfjell (via Europavei 10) blei 4 km kortare. Ho erstatta også strekninga Ornes–Rombaksbrua, som har låg standard og er utsett for snøskred og steinsprang.[3][4][5]

Brua blei bygd av den kinesiske entreprenøren Sichuan Road and Bridge Group. Narvik lufthamn, Framnes blei nedlagd 1. april 2017 som følgje av at brua forkorta reisetida til Evenes lufthamn med 20 minutt og avstanden blei forkorta med 18 km.

Det har vore debatt om namneval på brua. Ofotbrua og Narvikbrua blei lagt fram som forslag, men Hålogalandsbrua vann mest gehør blant politikarar. Statens kartverk meinte Ofotbrua var mest eigna fordi «regionen Ofoten passer bedre som navn på brua som krysser fjorden i botnen av Ofotfjorden» og «[H]istorisk er Hålogaland et stort område, og det blir litt kunstig å bruka det som et namn på en bro i Ofoten».[6][7]

Hålogalandsbrua kryssar den ytre delen av Rombaken mellom Karistranda, 2,2 kilometer nordaust for Narvik sentrum, og Øyjord, ti kilometer sør for Bjerkvik. Ho er ein del av eit vegprosjekt byrja i 2013 som også omfatta Karistrandtunnelen, Storlikolltunnelen og tilknytingsvegar på begge sider av brua. Vegtraseen blei opna 9. desember 2018 og er ein del av europaveg 6 gjennom Narvik kommune.

Vegen forkorta strekninga mellom Narvik og Bjerkvik med 18 kilometer samanlikna med den tidlegare E6-traseen som kryssa over Rombaksbrua.[8]

Med ei lengd på 1 533 meter og eit fritt spenn på 1 145 meter fekk Hålogalandsbrua den nest lengste hengjebruspennet i Noreg, etter Hardangerbrua. I 2018 var brua den fjerde lengste i Skandinavia og den sjette lengste hengjebrua i Europa.[1] Ho består av 30 seksjonar som kvar har ei lengd på 40 meter.[1] Hålogalandsbrua er knytt saman med Øyjord gjennom den korte Øyjordbrua.[9]

Som følgje av den reduserte reisetida og avstanden mellom Narvik og flyplassen i Evenes, blei Framnes lufthamn i Narvik nedlagt 1. april 2017.[10] Hålogalandsbrua kryssar Rombaken på same stad som norske og allierte styrkar gjorde invasjon 28 mai 1940 for å driva tyske okkupantar ut av Narvik.[11]

Prosjektering og bygging

[endre | endre wikiteksten]

På grunn av stor forskjell i kostnad mellom dei ulike alternativa til brukonstruksjon, bestemte Statens vegvesen våren 2008 at berre hengjebru skulle vurderast i den vidare prosjekteringa. Statens vegvesen kostnadsrekna våren 2008 prosjektet til 1 860 millionar kroner, inkludert tilknytingsvegar og tunnelar.[12]

Bruprosjektet blei drive av Hålogalandsbrua AS, eit selskap med Narvik kommune som majoritetseigar med 75,95 prosent av aksjane.[13] Prosjektet var ein del av regjeringsforslaget til Nasjonal transportplan for 2010–2019, og det blei foreslått lagt til første del av planperioden. 24. mai 2012 kunngjorde samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa at finansieringa for prosjektet var på plass.[14] Utbyggjaren var den kinesiske entreprenøren Sichuan Road and Bridge Group. Rundt 60 kinesiske arbeidarar var på anlegget i byggjeperioden.[15]

Byggjestart var 18 februar 2013.[16] I samanheng med brubygginga blei rassikringstunnelen Trældaltunnelen opna 11. september 2015. 6. oktober 2017 var alle bruelementa sett saman.[17] Brua skulle etter planen vera ferdig 2016, men etter forseinkingar blei ho opna i desember 2018.[18]

Vedlikehald

[endre | endre wikiteksten]

Berre nokre veker etter opninga oppdaga Statens vegvesen svakheiter i tolv boltar, i tillegg til eit brot på ein kabelsko.[19] 20. juli 2019 var det klart at 344 boltar som heldt dei berande vaierane i hengjebrua måtte skiftast. Ein av boltane hadde roke, og fleire andre hadde sprokke. Dei var svekte av hydrogen, noko Statens vegvesen meinte var ein produksjonsfeil.[20]

  1. 1,0 1,1 1,2 Statens vegvesen. Fakta og video om E6 Hålogalandsbrua. Besøkt 12. desember 2018.
  2. «Hålogalandsbrua åpnet». nrk.no (på norsk bokmål). 9. desember 2018. 
  3. «Fakta». Statens vegvesen (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 7. februar 2019. Henta 6. februar 2019. 
  4. «Bakgrunn». Statens vegvesen (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 7. februar 2019. Henta 6. februar 2019. 
  5. Lysvold, Susanne Skjåstad (27. august 2017). «Her kommer Norges nest lengste hengebru». NRK (på norsk bokmål). Henta 6. februar 2019. 
  6. «Navnesak nr 2018/196» (PDF). www.kartverket.no. Arkivert frå originalen (PDF) 10. desember 2018. Henta 9. desember 2018. 
  7. NRK (11. juni 2018). «Skal den fortsatt hete Hålogalandsbrua - eller blir det kanskje «Ofotbrua»?». NRK (på norsk bokmål). Henta 9. desember 2018. 
  8. «Konsekvensutredning for transportkorridor E6 Narvik-Bjerkvik». Statens vegvesen. juni 2005. Arkivert frå originalen 24. juli 2009. Henta 26. februar 2009. 
  9. Fremover 11. desember 2018. https://www.fremover.no/halogalandsbrua/lokale-nyheter/navn/na-har-brua-endelig-fatt-navn-bade-pa-norsk-og-pa-samisk/s/5-17-492886. Nå har brua endelig fått navn…]. Besøkt 12. deaember 2018.
  10. «Tårer og kake på aller siste flyavgang». NRK. 31. mars 2017. Henta 10. januar 2020. «Det var i Nasjonal Transportplan for 2014–2023 at Avinor fikk i oppdrag fra Samferdselsdepartementet å legge ned Narvik lufthavn Framnes. Som kompensasjon skulle Hålogalandsbrua korte ned reisetiden for narvikværingene til Harstad/Narvik lufthavn Evenes.» 
  11. «Veteranplassen». www.lovest.no. Arkivert frå originalen 17. mai 2021. Henta 28. mai 2020. 
  12. «Hålogalandsbrua - Kostnader». Statens vegvesen. 2008. Arkivert frå originalen 21. januar 2011. Henta 26. februar 2009. 
  13. «Narvik kommunes årsmelding 2007». Narvik kommune. 20. mai 2008. Henta 25. juli 2008. [daud lenkje]
  14. «Grønt lys for Hålogalandsbrua». Fremover. 24. mai 2012. Henta 26. mai 2012. 
  15. «Landets nest største hengebru monteres som et byggesett med deler fra hele verden». Teknisk ukeblad. 12. september 2017. Henta 10. januar 2020. «Arbeideren er en av 60 kinesere, som har flyttet 8000 kilometer hjemmefra, for å jobbe på den spektakulære hengebrua utenfor Narvik, Hålogalandsbrua.» 
  16. «Anleggsstart for Hålogalandsbrua i høst». fremover.no. 19. februar 2013. Henta 19. februar 2013. 
  17. «E6 Hålogalandsbrua - Se film fra hevingen av brudekket». Statens vegvesen (på norsk bokmål). Henta 28. mai 2020. 
  18. Tveit, Josef Benoni Ness (19. juli 2019). «Kinesisk milliardbru må bytte 344 boltar eit halvt år etter opning». NRK. Henta 19. juli 2019. «Prosjektet skulle stått ferdig i 2016, men vart først opna i desember to år etterpå.Prosjektet møtte straks på fleire utfordringar. Uvêr senka ein lekter som vart nytta under bygging av brua. Lekteren ligg framleis under vatnet ved stranda.» 
  19. Mikalsen, Kjell (26. januar 2019). «– Oppdager vi ett brudd til så stenger vi brua». NRK (på norsk bokmål). Henta 28. mai 2020. 
  20. [1]