Hồ Chí Minh
Hồ Chí Minh | |||
| |||
Fødd | 19. mai 1890 Kim Liên | ||
---|---|---|---|
Død | 2. september 1969 (79 år) | ||
Statsborgar av | Nord-Vietnam, Fransk Indokina | ||
Parti | Det vietnamesiske kommunistpartiet (1951), Det franske kommunistpartiet (1921; 1925) | ||
Yrke | skribent, lyrikar, politikar, journalist, militær | ||
Utdanna ved | Kommunistisk universitet for Østens arbeidere Quoc Hoc – Hue High School for the Gifted | ||
Mor | Hoàng Thị Loan | ||
Far | Nguyễn Sinh Sắc | ||
Etterfylgjar | Ton Duc Thang | ||
Alle verv |
Ho Chi Minh (19. mai 1890–2. september 1969), vietnamesisk Hồ Chí Minh, opphavleg kalla Nguyễn Sinh Cung, òg kjend som Bác Hồ («onkel Ho») i Vietnam, var ein vietnamesisk revolusjonær og statsleiar. Han var statsminister 1945–1955, og president 1945–1954 i Vietnam, og vidare president i Nord-Vietnam frå 1954 til han døydde i 1969.[1][2]
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Far hans, Nguyen Sinh Huy, var konfusiansk forskar, og Hồ fekk sjølv ei streng konfusiansk oppdraging. Han fekk gymnasutdanninga si ved ein skule i Huế som bruka det franske utdanningssystemet, den same skule som dei seinare disiplane hans Pham Van Dong og Võ Nguyên Giáp gjekk på. I 1915 reiste han til England for å studere kokkekunst, og blei der kjent med kommunismen. Han fortsette studia i Paris frå 1917 til 1923. Under forhandlingane i Versailles etter første verdskrigen oppfordra han stormaktene til gjere noko med situasjonen i fransk Indokina, men han vart ignorert. Etter dette deltok han i å stifte Det franske kommunistparti, og bruka ein del tid i Moskva.
Politisk karriere
[endre | endre wikiteksten]Han flytte sidan til Hong Kong, der han grunnla Det vietnamesiske kommunistparti. Han tok på denne tida namnet Hồ Chí Minh, som tyder «han som opplyser». I 1941 vende han heim til Vietnam for å føre frigjeringsrørsla Viet Minh. Han førte vellukka militære operasjonar først mot japanske styrkar, og seinare mot franske kolonistyrkar under Frankrike sitt forsøk på å take att landet frå 1946 til 1954.
President
[endre | endre wikiteksten]Hồ Chí Minh utropa seg som president i Vietnam 2. mars 1946, noko som ikkje vart internasjonalt godkjent. Han signerte 6. mars 1946 ein avtale med Frankrike, som godkjente Vietnam som ein autonom stat innanfor Den indokinesiske føderasjon og Den franske union.Dette kompromisset hindra ikkje at krig braut ut i desember 1946. I 1954 vart Den demokratiske republikken Vietnam (Nord-Vietnam) oppretta, og Hồ vart først statsminister og deretter president.
Innanfor kommunistpartiet var Hồ ein av dei moderate, og han mista stadig makt i forhold til dei meir militante og radikale kommunistane. I arbeidet for å foreine att Nord- og Sør-Vietnam var han ei av dei førande kreftene. I 1960-åra nytta han blant anna infiltrasjon og provokasjonar som førte til uro i sør for å oppnå dette.
Då Vietnamkrigen braut ut, først mellom Nord- og Sør-Vietnam og etter kvart intervensjon frå fleire vestlege og kommunistiske land, førte Hồ krigen. Dette heldt han fram med inntil han døydde den 2. september 1969.
Ettermæle
[endre | endre wikiteksten]Allereie medan han levde var Hồ gjenstand for ein personkult, som voks etter dauden hans. Etterleivningane hans vart balsamerte og utstilte i eit mausoleum av granitt i Hanoi, bygd etter modell av Lenin sitt mausoleum i Moskva. Dette var i stil med det som vart gjort for andre kommunistleiarar, men likevel i strid med Hồ sitt siste ønske; han ville verte kremert, og bad om at oska skulle gravast ned på tre fjelltoppar, ein i kvar av hovudregionane i Vietnam. Han skreiv: «Ikkje berre er kremasjon bra frå eit hygienisk synspunkt, men det sparer òg jordbruksland».
Den vietnamesiske byen Saigon vart omdøypt til Ho Chi Minh-byen i 1975.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Lacouture, J. «Ho Chi Minh» (på engelsk). Encyclopedia Britannica. Henta 7. september 2023.
- ↑ Nørlund, Irene: Ho Chi Minh i Den Store Danske på lex.dk. Henta 7. september 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Hồ Chí Minh» frå Wikipedia på bokmål, den 6. februar 2010.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «PRESIDENT HO CHI MINHS BIOGRAPHY (1890-1969)» (på engelsk). Viet Nam Government Portal.
- Hồ Chí Minh ved The Internet Movie Database (IMDb)