Haukefuglar
Accipitriformes | |
Hønsehauk Accipiter gentilis | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Haukefuglar Accipitriformes |
Infraorden: | Accipitriformes Tetanurae Vieillot, 1816 |
Haukefuglar, Accipitriformes, er ein biologisk orden på ca. 265[1] fugleartar som lever av byttedyr eller åtsel. Haukefamilien med haukar, ørner og glentar, samlar langt dei fleste av desse.
Saman med falkar og karakaraer i ordenen Falconiformes utgjer haukefuglar dei vi reknar som dagaktive rovfuglar. I norsk daglegtale er ofte dei nattaktive rovfuglane Strigiformes, ugler, nemnt som rovfuglar, men uglene er ikkje i slekt med dei andre rovfuglane i Accipitriformes.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Haukefuglar er kjent frå midtre eocentida. Dei har kraftig, kroket nebb med ein mjuk sere med plass for for naseopningane. Vengene er lange og relativt breie, godt egna for glideflukt. Dei 4-6 ytre primærfjøra er avsmala.
Haukefuglar har sterke bein og føter med rovklør og ei kraftig bakklo. Nesten alle er kjøttetande, dei jaktar med synet i dagslys eller i tussmørker. Dei kan ha svært lang levetid, og dei fleste har låg reproduksjonsrate.
Haukefuglar veks særs fort fram til dei er flygedyktige, deretter får dei mat ved reiret i 3-8 veker etter første flygeturen. Det tar frå eitt til tre år før dei er forplantingsdyktige. Kjønna har tydeleg ulik storleik, hos somme artar kan hoer ha over dobbelt vekt av hannen sin vekt. Meir typisk er hannen ein tredel under storleiken til hoer. Kjønnsdimorfismen er vanlegvis mest ekstrem hos spesialiserte fugleetarar, som haukane i slekta Accipiter, men han vere heilt fråverande hos gribbar. I hovudregelen er rovfuglar monogame, dei kan finne ny parter om den gamle døyr.
Accipitriformes er blant dei mest varierte ordenar i storleik. Den minste arten kan vere dverghauk, Accipiter minullus, som måler 23 cm. Den største arten er munkegribb, på opptil 14 kg, 118 cm og 3 m i vengespenn.
Taksonomi
[endre | endre wikiteksten]Tradisjonelt var haukefamilien, sekretærfugl og fiskeørn rekna som del av Falconiformes. Men nyare studiar har ført til at ornitologar vel å skilje dei tre nemnte familiane ut til ein ny orden Accipitriformes, slik at falkefamilien blei isolert innanfor Falconiformes.[2] Klassifiseringa av denne ordenen er vanskeleg å handsama på ulike vis, til dømes var dei 7 kondorartane tatt ut av Accipitriformes, og heller plassert inn i sin eigen orden i ein periode.[3]
Per 2021 er Accipitriformes anerkjent som biologisk orden av klassifiseringsautoritetar som IOC[1] og Clementslista.
- Familiar
- Kondorfamilien, Cathartidae: Kondorar er sju artar med leveområde avgrensa til varme og tempererte område av Amerika. Dei er ikkje nært i slekt med gribbar i «den gamle verda», likskapen mellom desse to gruppene kjem av konvergerande evolusjon
- Sekretærfuglfamilien, Sagittariidae: Sekretærfuglen er monotypisk i familien, ein stor rovfugl, endemisk for Afrika, som lever på opent grasland og på tørre savannar. Han er spesialisert på jakt av krypdyr.
- Fiskeørnfamilien, Pandionidae: Fiskeørner er ei monotypisk slekt i familien med to mellomstore rovfuglartar som lever nesten berre av fisk som dei tar i vassoverflata. Slekta finst på alle kontinenta på jorda.
- Haukefamilien, Accipitridae: Haukar, våkar og ørner, gribbar, glentar, slangeørner, kjerrhaukar og vepsevåkar. Ca. 255 artar per 2021.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Accipitriformes» frå Wikipedia på engelsk, den 2. januar 2011.
- ↑ 1,0 1,1 Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2021. IOC World Bird List (v11.2). doi : 10.14344/IOC.ML.11.2 Henta 15. august 2021
- ↑ John Harshman, «Accipitriformes», Version 27 June 2008 Arkivert 2020-06-24 ved Wayback Machine. i The Tree of Life Web Project
- ↑ Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2017), Updates & Corrections – August 2017 Cornell Lab of Ornithology. Henta 17. desember 2019