Hopp til innhald

Heilagdag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg Heilagdagar i Noreg

Ein heilagdag eller helgedag er i ein høgtidsdag avsett til gudstenestelege handlingar. Offentlege heilagdagar er dagar med lovfesta heilagdagsfred.

Heilagdagsfreden har i Noreg til formål å

  • verne om det gudstenesta
  • verne om den allmenne freden på heilagdagane og gje høgtida ro og vørdnad

Heilagdagslovgivinga vernar òg arbeidstakarane sine rettar til å få fri frå arbeid på heilagdagane. Heilagdagsfredning kan òg gjelde innan fiskeri, slik at det er forbode å setje eller trekke fiskereiskap på visse heilagdagar.

Bakgrunnen for dei kristne heilagdagane er det tredje bodordet om å holde kviledagen heilag. Dei første kristne heldt som jødane den sjuande dagen (laurdagen) som kviledag, i samsvar med tradisjonen frå Det gamle testamentet. Etterkvart byrja dei kristne å feire Jesu oppstode på søndagen, og søndagen tok plassen frå sabbaten som heilagdag. Likevel er det nokre kristne samfunn, mellom dei adventistane, som held på laurdagen som kviledag.

Talet på heilagdagar varierer frå land til land, og det har variert gjennom tidene.