Horst Ludwig Störmer
Horst Ludwig Störmer | |||
Horst Ludwig Störmer | |||
Fødd | 6. april 1949 (75 år) Frankfurt i Tyskland | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Tysk | ||
Område | fysikk | ||
Yrke | fysikar, universitetslærar | ||
Institusjonar | Columbia University Bell Labs | ||
Alma mater | Universität Stuttgart Johann Wolfgang Goethe-Universität | ||
Kjend for | Fraksjonell kvante Hall-effekt | ||
Medlem | National Academy of Sciences American Academy of Arts and Sciences |
Horst Ludwig Störmer (fødd 6. april 1949) er ein tysk fysikar.
Störmer vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1998, saman med Robert B. Laughlin og Daniel C. Tsui, for oppdaginga deira av ei ny form for kvantevæske med fraksjonelt ladde eksitasjonar.
Störmer fekk doktorgrad i fysikk i 1977, ved Universität Stuttgart i Tyskland. Han var direktør for Physical Research Laboratory i Bell Laboratories i perioden 1992–97. Han er professor ved Columbia University i New York, og direktør for fysikk ved Lucent Technologies' Bell Labs sidan 1998.
Han vart løna med Nobelprisen for å ha oppdaga at elektron opptrer saman i sterke magnetiske felt, og kan danne nye typar «partiklar» med ladningar som er ein brøkdel av ladningen til elektronet. Störmer og Tsui gjorde oppdaginga i 1982 under eit eksperiment der de utnytta ekstremt sterke magnetfelt og låge temperaturer. Innan eitt år etter oppdaginga lukkast det Laughlin å forklare resultatet dei fekk. Gjennom teoretisk analyse viste han at elektrona i eit sterkt magnetfelt kan kondensere og danne ei slags kvantevæske, som minna om dei kvantevæsker som oppstår ved superleding og i flytande helium.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Horst Ludwig Störmer» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.