Hopp til innhald

Hryhorij Misjutin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hryhorij Misjutin
Statsborgarskap Ukraina, Sovjetunionen
Fødd 29. desember 1970 (53 år)
Oleksandria
Idrett turn
Tok del i Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992
Utmerkingar 2. klasse av Ukrainas fortjenstorden, Idrettens mester i Sovjetunionen

Hryhorij Anatolijovytsj Misjutin (fødd 29. desember 1970) er ein ukrainsk tidlegare turnar som representerte Sovjetunionen og frå 1992 Ukraina. Han vart verdsmeister 1991 i mangekamp og olympisk meister 1992 i lagtevlinga.

Misjutin deltok i Turn-VM 1991, ein meisterskap han drog frå etter å ha vunne gullmedaljar i lagtevlinga, mangekampen og i ringar. Året etter sikra han seg OL-gull i lagtevlinga og i skranke-øvinga under dei olympiske sommarleikane i Barcelona. I tillegg vann han OL-sølv i mangekampen, frittståande, hopp og svingstong.

I 1993 vart Misjutin verdsmeister i frittståande som representant for Ukraina. To år seinare vann han gull i hopp og bronse i frittståande ved Turn-VM 1995 i Japan. År 1996 vart han tredjemann i frittståande i verdsmeisterskapen. Fire månader etterpå la han og lagkameratane frå Ukraina beslag på bronseplassen då Sommar-OL 1996 vart avvikla i Atlanta.